FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)

Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Han skal sikre respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

CRPD står for "Convention on the Rights of Persons with Disabilities". Konvensjonen vart vedtatt av FNs generalforsamling i 2006 og tredde i kraft i 2008.

Noreg ratifiserte FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne i 2013. Gjennomføringa blir overvaka av CRPD-komiteen. Statane rapporterer jamleg til komiteen. Noregs fyrste rapport om implementeringa av konvensjonen blei sendt til FN-komiteen som overvaker konvensjonen i 2015.

Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) har fått i oppgåve å overvake den nasjonale gjennomføringa av konvensjonen. LDO laga ein eigen rapport til den første norske rapporten. Sivil sektor har òg laga ein alternativ rapport. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) koordinerte dette arbeidet med støtte frå departementet. Sjå også den alternative rapporten fra sivilt samfunn til FN-komiteen (2019) (.pdf)

FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne fastslår at landa som har ratifisert eller signert konvensjonen skal møtast jamleg på såkalla statspartsmøte. Her skal ein ta opp og diskutere aktuelle tema som handsamar implementeringa av konvensjonen og generelle problemstillingar knytte til rettane for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir ikkje fatta vedtak. Statspartsmøtet vel representantar til komiteen som overvakar landa si gjennomføring av konvensjonen. Statspartsmøtet har blitt ein sentral felles møtestad for styresmakter, FN-organisasjonar og sivil sektor på feltet.

Tidslinje over arbeidet med inkorporering av konvensjonen i norsk rett

Andre aktuelle dokument