Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen
Artikkel | Sist oppdatert: 11.03.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Den viktigaste oppgåva til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) er å bidra til å utvikle gode kontrollordningar og fremme ei meir økosystembasert forvaltning av havområda.
NEAFC-konvensjon gjeld for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet i Nordaust-Atlanteren, med unntak av sjøpattedyr og langtvandrande artar dersom det finst andre internasjonale avtalar for dei (så som tunfisk).
NEAFC skal i første rekke samordne reguleringa av fiske på bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene og ope hav. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det blir inngått avtalar om desse bestandane mellom kyststatane. Medlemmene i NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg, Storbritannia og Russland. Sekretariatet ligg i London.
Tilpassa internasjonal havrett
Samarbeidet i det nordaustlege Atlanterhavet starta i åra etter andre verdskrigen, og den første kommisjonen vart etablert i 1959. Det hindra likevel ikkje at viktige bestandar som norsk vårgytande sild og nordsjøsild vart sterkt nedfiska. Etter etableringa av dei økonomiske sonene på 200 nautiske mil i 1977, kom eit nytt NEAFC på plass i 1980. FN-avtalen om fiske på det opne havet i 1995 la grunnlag for ei sterk vitalisering av organisasjonen.
NEAFC er tilpassa utviklinga i internasjonal havrett, og Noreg har vore ein viktig pådrivar i dette arbeidet. Det er m.a. innført ei bindande mekanisme for tvisteløysing og mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Å beskytt sårbare marine habitat er også eit viktig tema i NEAFC.
Kontrollsamarbeid
Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til posisjonsrapportering rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting.
På årsmøtet i 2018 vedtok partane omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Formålet var å leggje til rette for implementering av eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Det har dei siste åra blitt følgt opp med utvikling av fleire tekniske løysingar for implementering av det nye systemet. Dei nye rapporteringskrava tok til å gjeld 15. januar 2024. Noreg må ha implementert dei nye løysingane innan to år.
North-East Atlantic Fisheries Commission | Managing Fisheries in the North-East Atlantic (neafc.org)