Kvalfangst
Artikkel | Sist oppdatert: 09.01.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Som ein del av dei norske fangsttradisjonane driv Noreg i dag fangst av vågekval. Etter eit opphald på fem år tok vi opp att fangsten av vågekval i 1993. I Noreg har kvalfangsten alltid vore driven i kombinasjon med fiskeri.
Den norske kvalfangsten byggjer på prinsippet om vern og berekraftig hausting av ressursane i havet.
Forvaltninga er basert på vitskaplege råd, og siktemålet er i større grad å leggje økosystemtilnærming til grunn for forvaltninga.
Kvotane blir fastsette på grunnlag av prosedyrar som er utvikla av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).
Vågekvalen er den mest talrike av bardekvalane i norske farvatn, og man regner med at den nordaustatlantiske bestanden er på vel over 100 000 dyr.
Det vart fastsett ei kvote på 917 dyr for norsk fangst i 2022. Det vart tilsaman fangst 581 dyr av 13 fartøy i 2022.
Norsk fangst av vågekval
Vågekvalfangsten blir driven av fartøy i storleiken 40–80 fot med eit mannskap på 4–8 personar. Fangsten føregår i den norske økonomiske sona, i fiskevernsona ved Svalbard, i fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn (Smotthavet). Fangsten startar i april og sluttar i august/september. Alle fartøy har montert eit elektronisk overvakingssystem (ferdskrivar) som registrerer all fangstaktivitet. Fangarane må og ta eit kurs der avliving og sikkerheit står sentralt.