Avslutta WTO-tvistesaker med Noreg som tredjepart
Artikkel | Sist oppdatert: 19.06.2024 | Utanriksdepartementet
Under fylgjer ei oversikt over alle sakene kor Noreg har delteke som tredjepart (dvs. ein slags observatør, med rett til å gje innlegg for panel og ankeorgan).
Kontaktperson:
Linn Edvartsen (UD)
Ei oversikt over tvisteløysingssystemet i WTO finn du her.
WT/DS603
Australia — Anti-Dumping and Countervailing Duty Measures on Certain Products from China
Saka gjaldt Australias anti-dumpingtiltak m.m på vindtårn, visse stålvaskar og jarnbanehjul frå Kina. Kina hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS602
China — Anti-Dumping and Countervailing Duty Measures on Wine from Australia
Saka gjaldt Kinas anti-dumping- og utjamningsavgifter på vin frå Australia. Australia hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala), og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel VI, VI:2, VI:3 og VI:5.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS600
European Union and certain Member states — Certain measures concerning palm oil and oil palm crop-based biofuels
Saka gjaldt EU sine tiltak som påverka palmeolje og avlingsbasert biodrivstoff frå oljepalme. Malaysia hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala) og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS598
China — Anti-dumping and countervailing duty measures on barley from Australia
Saka gjaldt Kinas anti-dumping- og utjamningsavgifter på bygg frå Australia. Australia hevda tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala), og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel VI, VI:2 og VI:3.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS595
European Union — Safeguard Measures on Certain Steel Products
Saka gjaldt EU sine vernetiltak for visse stålprodukt. Korea hevda at tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel XIX og ei rekke av WTO sine reglar om vernetiltak.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS590
Japan — Measures Related to the Exportation of Products and Technology to Korea
Saka gjaldt Japan sine krav om lisens for eksport av einskilde kjemikaliar til Korea. Korea hevda tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om handelsforenkling, avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala), avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala) og Generalavtala om handel med tenester (Gats).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS589
China — Measures Concerning the Importation of Canola Seed from Canada
Saka gjaldt Kinas tiltak som påverka import av rapsfrø frå Canada. Canada hevda tiltaka var strid med ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, III:4, X:3(a), XI:1 og fleire reglar i avtala om handelsforenkling (TF-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS585
India – Additional Duties on Certain Products from the United States
Saka gjaldt Indias sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevda tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS567
Saudi-Arabia - Measures concerning the Protection of Intellectual Property Rights (Qatar)
Saka gjaldt Saudi-Arabias tiltak som påverkar immaterielle rettar. Qatar hevda at tiltaka var i strid med fleire føresegner i avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
WT/DS560
Mexico – Additional Duties on Certain Products from the United States
Saka gjaldt Mexicos sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevda tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS559
European Union – Additional Duties on Certain Products from the United States
Saka gjaldt EUs sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevda tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt) 1994 artikkel I:1, II:1(a) og (b).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS557
Canada – Additional Duties on Certain Products from the United States
Saka gjaldt Canadas sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevda tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/ DS551
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (Mexico)
Saka gjaldt USAs tilleggstoll visse stål- og aluminiumsprodukt. Mexico hevda at USA handla i strid med fleire føresegner i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/ DS550
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (Canada)
Saka gjaldt USAs tilleggstoll visse stål- og aluminiumsprodukt. Canada hevda at USA handla i strid med fleire føresegner i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/ DS548
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (EU)
Saka gjaldt USAs tilleggstoll visse stål- og aluminiumsprodukt. EU hevda at USA handla i strid med fleire føresegner i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
WT/ DS547
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (India)
Saka gjaldt USAs tilleggstoll visse stål- og aluminiumsprodukt. India hevda at USA handla i strid med fleire føresegner i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
WT/DS542
China – Certain Measures Concerning the Protection Of Intellectual Property Rights (US)
Saka gjaldt Kinas tiltak som påverka immaterielle rettar. USA hevda at tiltaka var i strid med avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala) artikkel 3.1 og 28.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS526
United Arab Emirates — Measures Relating to Trade in Goods and Services, and Trade-Related Aspects of Intellectual Property Rights (Qatar)
Saka gjaldt Dei sameinte arabiske emirata sine tiltak som påverka handel med varer, tenester og handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar. Qatar hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala for tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), Generalavtala om handel med tenester (Gats) og avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS517
China – Tariff Rate Quotas for Certain Agricultural Products (USA)
Saka gjaldt Kinas tollkvotar på visse landsbruksprodukt, høvesvis mais, kveite og ris. USA hevda at tiltaka var i strid med Kinas skyldnadar under Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel X:3 (a), XI:1 og XIII:3 (b), samt Kinas tiltredingsprotokoll.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS516
EU – Measures Related to Price Comparison Methodologies (Kina)
Saka gjaldt metodikken EU nyttar til å utrekne kostnadane av anti-dumpingavgift på produkt frå Kina. Kina hevda at EUs metodikk for anti-dumpingtiltak ikkje tok høgde for Kinas status som marknadsøkonomi, og hevda følgjeleg at lovgjevnaden var i strid med EUs skyldnadar under Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, VI:1, og anti-dumpingavtala artikkel 2.1 og 2.2.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS512
Russian Federation – Measures concerning Traffic in Transit (Ukraina)
Saka gjaldt Russlands tiltak knytt til varer i transitt frå Ukraina, og gjennom russisk territorium. Ukraina hevda at tiltaka var i strid med Russlands skyldnadar under Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel V:2, V:3, V:4, V:5, XI:1, X:1, X:2 og X:3(a).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS511
China — Domestic Support for Agricultural Producers (USA)
Saka gjaldt kinesisk internstøtte til landbruksprodukt, dette gjaldt særleg Kinas støtte til marknadspris på ris, kveite og mais. USA hevda at tiltaka var i strid med landbruksavtala artikkel 3.2, 6.3 og 7.2(b).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS504
Korea– Anti-Dumping Duties on Pneumatic Valves from Japan
Saka gjaldt Korea sine anti-dumpingavgifter på pneumatiske ventilar frå Japan. Japan hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sitt innlegg i saka:
WT/DS495
Korea– Import Bans, and Testing and Certification Requirements for Radionuclides (Japan)
Saka gjaldt Korea sine tiltak som omfatta importforbod og tilleggskrav om testing og sertifisering av radionuklidar, med innverknad på import av matprodukt frå Japan. Japan hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i avtala om veterinære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS493
Ukraine – Anti-Dumping Measures on Ammonium Nitrate from Russia
Saka gjaldt Ukraina sine anti-dumpingtiltak på ammoniumnitrat (kunstgjødsel) frå Russland. Russland hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel VI.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
WT/DS485
Russian Federation —Tariff Treatment of Certain Agricultural and Manufacturing Products (EU)
Saka gjaldt tollbehandlinga som Russland ga einskilde landbruks- og produksjonsvarer. EU hevda at Russland handla i strid med reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og tollverdiavtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS484
Indonesia - Measures Concerning the Importation of Chicken Meat and Chicken Products (Brasil)
Saka gjaldt Indonesias tiltak på import av kyllingkjøtt og kyllingprodukt. Brasil hevda at tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel III:4, X:1, X:3 og XI:1, landbruksavtala artikkel 4.2, ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala) artikkel 2.1 og 2.2, og artikkel 3.2 og 3.3 i avtala om importlisensiering.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS483
China - Anti-Dumping Measures on Imports of Cellulose Pulp from Canada
Saka gjaldt Kina sine anti-dumpingavgifter på cellulosemasse frå Canada. Canada hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994=.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS482
Canada – Anti-Dumping Measures on Imports of Certain Carbon Steel Welded Pipe from the Separate Customs Territory of Taiwan, Penghu, Kinmen and Matsu
Saka gjaldt Canada sine anti-dumpingavgifter på einskilde typar sveisa rør av karbonstål frå tollområdet Taiwan, Penghu, Kinmen og Matsu. Tollområdet hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI:2 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg sine innlegg i saka:
WT/DS480
European Union – Anti-Dumping Measures on Biodiesel from Indonesia
Saka gjaldt EU sine anti-dumpingtiltak på biodiesel frå Indonesia. Indonesia hevda at tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel VI samt ei rekke reglar i anti-dumpingavtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS477/DS478
Indonesia – Importation of Horticultural Products, Animals and Animal Products (New Zealand/USA)
Sakene gjaldt indonesiske tiltak på import av hortikulturprodukt, dyr og dyreprodukt. New Zealand og USA hevda at tiltaka var i strid med mellom anna Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) art. XI:1 og landbruksavtala art. 4.2.
Meir informasjon om sakene finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i sakene:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS475
Russian Federation —Measures on the Importation of Live Pigs, Pork and Other Pig Products from the European Union
Saka gjaldt russiske tiltak mot import av levande svin og svineprodukter frå EU for å hindre spreiing av sjukdomen afrikansk svinepest. EU hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS473
European Union – Anti-Dumping Measures on Biodiesel from Argentina
Saka gjaldt EU sine anti-dumpingtiltak på biodiesel frå Argentina. Argentina hevda at tiltaket var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og artikkel VI:2 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS471
United States — Certain Methodologies and their Application to Anti-Dumping Proceedings Involving China
Saka gjeld USA sine metodar for anti-dumpingtiltak mot Kina. Kina hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, samt art. VI:2 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994). Eitt av dei sentrale spørsmåla er knytt til bruken av såkalla «zeroing» ved berekning av dumpingmarginane ved målretta dumping etter anti-dumpingavtala artikkel 2.4.2.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS469
European Union — Measures on Atlanto-Scandian Herring (Danmark på vegne av Færøyane)
Saka gjaldt EU sine tiltak mot sild/makrell. Tiltaka til EU innebar bl.a. forbod mot innføring av sild og makrell fanga under færøysk kontroll, samt produkt av slik fisk. Tiltaka omfatta også restriksjonar på bruk av EU sine hamner for fartøy som fisker sild og makrell under færøysk kontroll. Danmark på vegne av Færøyene hevda at tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, V:2 og XI:1.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
WT/DS464
United States – Anti-Dumping and Countervailing Measures on Large Residential Washers from Korea
Saka gjaldt USA sine anti-dumping- og utjamningsavgifter på store husholdningsvaskemaskinar frå Korea. Korea hevda at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Marrakesh-avtala, Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) samt subsidieavtala. Eitt av dei sentrale spørsmåla var knytt til bruken av såkalla «zeroing» ved berekning av dumpingmarginane ved målretta dumping etter anti-dumpingavtala artikkel 2.4.2.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs skriftlege innlegg for ankeorganet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS456
India – Certain Measures Relating to Solar Cells and Solar Modules (USA)
Saka gjaldt India sine krav om at dei som utviklar solkraft og deira underleverandørar måtte kjøpe eller bruke solceller/solmodular av nasjonalt opphav for å inngå og behalde visse avtaler om kjøp av straum. Slik bruk av lokale solceller/solmodular blir også knytt til enkelte andre fordelar. USA hevdar at tiltaka er i strid med artikkel III:4 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) samt artikkel 2.1 i avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS438/DS444/DS445
Argentina — Measures Affecting the Importation of Goods (EU/USA/Japan)
Saka gjaldt fleire argentinske tiltak som påverka vareimport. EU, USA og Japan meinte at tiltaka var i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala), importlisensieringsavtala, landbruksavtala og avtala om vernetiltak. Klagarane meinte at dei argentinske tiltaka utgjorde restriksjonar på importen og diskriminerte mellom importerte og innanlandske varer.
Meir informasjon om sakene finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i sakene:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet.
WT/DS437
United States – Countervailing Duty Measures on Certain Products from China
Saka gjaldt USA sine utjamningsavgifter på visse produkt frå Kina som USA meinte var subsidiert. Kina meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i WTO-avtala om subsidier og utjamningstiltak, artikkel VI i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og Kinas tiltredingsprotokoll.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS434/DS435/DS441/DS458/DS467
Australia — Certain Measures Concerning Trademarks, Geographical Indications and Other Plain Packaging Requirements Applicable to Tobacco Products and Packaging (Honduras, Cuba, Indonesia og Den dominikanske republikk)
Sakene gjaldt lovgjeving i Australia med krav om einsarta innpakking av tobakksprodukt («plain packaging»). Honduras og Den dominikanske republikk meiner at tiltaka mellom anna er i strid med ei rekke reglar i avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala) og artikkel 2.1 og 2.2 i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).
Det var opphavleg fem land som gjekk til sak i WTO mot Australia om disse tiltaka, men Ukraina avslutta saka si undervegs i panelprosessen, og Cuba og Indonesia fekk sine saker handsama av tvisteløysingspanelet, men anka ikkje panelet sin rapport. Honduras og Den dominikanske republikk anka panelrapporten.
Meir informasjon om sakene finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i sakene:
- Noreg sitt skriftlege innlegg for panelet – alle fem sakene
- Noreg sitt munnlege innlegg for panelet – DS435, DS441, DS458, DS467
- Noreg sitt skriftlege innlegg for ankeorganet – DS435, DS441
- Noreg sitt munnlege innlegg for ankeorganet - fyrste ankehøyring, DS435, DS441
- Noreg sitt munnlege innlegg for ankeorganet - andre ankehøyring, DS435, DS441
WT/DS431/DS432/DS433
China – Measures Related to the Exportation of Rare Earths, Tungsten and Molybdenum (USA/EU/Japan)
Sakene gjaldt Kina sine eksportrestriksjonar på ulike former sjeldne jordmetall («rare earths»), tungsten og molybdenum. USA, EU og Japan hevda at tiltaka var i strid med Kina sin tiltredingsprotokoll i tillegg til Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel X og XI.
Meir informasjon om sakene finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS429
United States — Anti-Dumping Measures on Certain Frozen Warmwater Shrimp from Viet Nam
Saka gjaldt USA sine anti-dumpingtiltak (såkalla «zeroing») mot import av frosne varmtvannsreker frå Vietnam. Vietnam meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel VI:1 og VI:2, og Marrakesh-avtala artikkel XVI:4.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS427
China — Anti-Dumping and Countervailing Duty Measures on Broiler Products from the United States
Saka gjaldt kinesiske anti-dumping- og utjamningstiltak mot produkt av broilerar frå USA. Kina kom gjennom sine undersøkingar fram til at eksportørar frå USA hadde dumpa produkta sine på den kinesiske marknaden, i tillegg til at dei hadde dratt nytte av subsidiar. Kina påla difor ei anti-dumping- og utjamningsavgift på desse produkta. USA meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala og avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS412/DS426
Canada – Certain Measures Affecting the Renewable Energy Generation Sector/Measures Relating to the Feed-in Tariff Program (Japan/EU)
Sakene gjaldt det sokalla ”feed in tariff program” (”the FIT Program”) som vart etablert i 2009 i den canadiske provinsen Ontario. Programmet sikra garanterte langtidsprisar for kraft frå installasjonar for produksjon av fornybar energi som inneheldt ein viss del utstyr som var produsert lokalt. Japan og EU hevda at programmet var i strid med artikkel 3.1(b) og 3.2 i avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala), artikkel III:4 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og artikkel 2.1 i avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala).
Meir informasjon om sakene finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS425
China — Definitive Anti-Dumping Duties on X-Ray Security Inspection Equipment from the European Union
Saka gjaldt kinesiske anti-dumpingavgifter på utstyr for gjennomlysing ved sikkerheitsinspeksjonar frå EU. Slikt utstyr blir særleg brukt i samanheng med sikkerheitskontrollar og tollinspeksjonar ved infrastruktur knytt til transport. Kina hadde gjennom dumpingundersøkinga si kome fram til at eksportørar frå EU hadde dumpa produkta sine på den kinesiske marknaden, og påla difor ei anti-dumpingavgift på desse produkta. EU meinte at desse avgiftene var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS406
United States – Measures Affecting the Production and Sale of Clove Cigarettes (Indonesia)
Saka gjaldt eit amerikansk tiltak mot bestemde typar sigarettar. Den aktuelle amerikanske lova forbaud produksjon eller sal i USA av alle typar sigarettar med sokalla karakteriserande smak, unntatt mentol og tobakk. Indonesia meinte at lova var diskriminerande, og viste til at alle nelliksigarettar selt i USA var importert (hovudsakleg frå Indonesia) mens så godt som alle mentolsigarettar selt i USA vart produsert i USA. Indonesia hevda at tiltaket var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel III:4, og at USA ikkje kunne bruke unntaket i artikkel XX. I tillegg hevda Indonesia at tiltaket var i strid med ei rekke reglar i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs skriftlege innlegg for ankeorganet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS400
European Communities – Measures Prohibiting the Importation and Marketing of Seal Products (Canada)
Saka gjaldt EU sin forordning 1007/2009/EF, og dertil gjennomføringsreglane i forordning 737/2010/EU, som stiller opp restriktive vilkår for import og marknadsføring av selprodukt i EU. Canada meinte at forordninga var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noreg har også delteke i ei eiga sak om same forordningar.
WT/DS394/DS395/DS398
China – Measures Related to the Exportation of Various Raw Materials (EU/Mexico/USA)
Sakene gjaldt kinesiske restriksjonar knytt til eksport av ni råmaterialar. Jamsides søksmål frå EU, Mexico og USA då dei meinte at Kina sine restriksjonar var i strid med artikkel VIII, X og XI i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og ei rekke reglar i tiltredingsprotokollen til Kina.
Sakspapira og meir informasjon om sakene finn ein på WTOs heimeside:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS397
European Communities – Definitive Anti-Dumping Measures on Certain Iron or Steel Fasteners from China
Saka gjaldt anti-dumpingtiltak som EU innførte på kinesiske skruar og boltar. Kina meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i anti-dumpingavtala, Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og Marrakesh-avtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS381
United States – Measures Concerning the Importation, Marketing and Sale of Tuna and Tuna Products (gjennomføringssaker)
Saka gjaldt gjennomføringa til USA av anbefalingar og konklusjonar frå tvisteløysingsorganet om vilkåra for bruk av det sokalla "dolphin safe"-merket, jf. WTO si tvisteløysingsavtale artikkel 21.5. Når eit WTO-medlem har gjennomført rapportane til panelet og ankeorganet slik desse er vedteke av tvisteløysingsorganet i WTO (og dermed blir tvisteløysingsorganets anbefalingar og konklusjonar), og partane er usamde om dei nye tiltaka er i samsvar med WTO sine reglar, kan partane i saka etter tvisteløysingsavtala be om at et tvisteløysingspanel avgjer dette etter tvisteløysingsavtala.
Etter at rapportane til panelet og ankeorganet i sak DS381 var vedteke av tvisteløysingsorganet, endra USA vilkåra for bruk av «dolphin safe»-merket. Mexico meinte at vilkåra framleis var i strid med reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala), og bad om at eit tvisteløysingspanel skulle avgjere dette. Panelet si rapport vart så anka, og rapportane til panelet og ankeorganet ble vedteke av tvisteløysingsorganet i desember 2015.
USA endra så i 2016 på ny vilkåra for bruk av merket og hevda at desse var i samsvar med krava i WTO etter Gatt 1994 og TBT-avtala. USA ba om at eit tvisteløysingspanel skulle slå fast dette fast.
Mexico hevda derimot at vilkåra som USA innførte i 2016 også var i strid med reglar i Gatt 1994 og TBT-avtala, og ba også om at eit tvisteløysingspanel skulle slå dette fast. Dette var difor den andre gjennomføringssaka kor Mexico hevda at USA sine tiltak var i strid med Gatt 1994 og TBT-avtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet (Mexicos sin fyrste gjennomføringssak)
- Noregs munnlege innlegg for panelet (Mexico sin fyrste gjennomføringssak)
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet (Mexico sin fyrste gjennomføringssak)
- Noregs munnlege innlegg for panelet (USA sin fyrste og Mexico sin andre gjennomføringssak)
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet (USA sin fyrste og Mexico sin andre gjennomføringssak)
WT/DS379
United States – Definitive Anti-Dumping and Countervailing-Duties on Certain Products from China
Kina gjekk til panelsak mot anti-dumping- og utjamningsavgiftsregimet til USA. Saka gjeld spørsmål knytt til kva som kan bli regna som statleg eide verksemder og bankar, berekningmetodar i utjamningsavgiftsundersøkingar som liknar ”zeroing” og sokalla ”double remedy”-spørsmål i relasjon til statar som ikkje blir karakterisert som marknadsøkonomiar. Kina meinte tiltaka braut ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala), anti-dumpingavtala og Kinas tiltredingsprotokoll.
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimeside:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs skriftlege innlegg for ankeorganet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS369
European Communities – Certain Measures Prohibiting the Importation and Marketing of Seal Products (Canada)
Saka gjaldt belgiske og nederlandske tiltak som forbyr import, transport, produksjon, marknadsføring og omsetjing av selprodukt. Dei belgiske og nederlandske forboda tredde i kraft før EU si selforordning vart vedtatt (sjå sak WT/DS400 over). Canada meinte at tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimeside:
WT/DS350
United States – Continued Existence and Application of Zeroing Methodology (EU)
Saka gjaldt den amerikanske ”zeroing”-praksisen og metodologien som vart bruka for å kalkulere dumpingmarginar, i tillegg til bruken av ”zeroing” i samanheng med visse spesifiserte anti-dumpingtiltak. EU meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimeside:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for panelet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS341
Mexico – Definitive Countervailing Measures on Olive Oil from the European Communities
Saka gjaldt Mexicos utjamningstiltak pålagt import av olivenolje frå EU. EU meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala) og landbruksavtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
WT/DS322
United States – Measures Relating to Zeroing and Sunset Reviews
Saka gjaldt USAs anti-dumpingregime, og då særleg den amerikanske ”zeroing”-metodologien som vart bruka for å rekne ut anti-dumpingavgifter. Japan meinte tiltaka var i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Noregs innlegg i saka:
- Noregs skriftlege innlegg for panelet
- Noregs skriftlege innlegg for ankeorganet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
- Noregs skriftlege innlegg for gjennomføringspanelet
- Noregs munnlege innlegg for gjennomføringspanelet
- Noregs skriftlege innlegg for ankeorganet
- Noregs munnlege innlegg for ankeorganet
WT/DS321
Canada — Continued Suspension of Obligations in the EC — Hormones Dispute
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Saka vart handsama saman med DS320.
WT/DS320
United States — Continued Suspension of Obligations in the EC — Hormones Dispute
Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:
Saka vart handsama saman med DS321.
WT/DS294
United States — Laws, Regulations and Methodology for Calculating Dumping Margins (Zeroing)
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS291/DS292/DS293
European Communities — Measures Affecting the Approval and Marketing of Biotech Products (“GMO-saka”)
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS273
Korea — Measures Affecting Trade in Commercial Vessels
Sakspapira og meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS248/DS249/DS251/DS252/DS263/DS258
United States — Definitive Safeguard Measures on Imports of Certain Steel Products (“Stålsaka”)
Sjå omtale av DS253 der Noreg var part. Sakene, medrekna Brasils sak kor Noreg ikkje hadde meldt tredjepartsinteresse, vart slått saman for panel og ankeorganet.
WT/DS244
United States — Sunset Review of Anti-Dumping Duties on Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Japan
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS234
United States — Continued Dumping and Subsidy Offset Act of 2000 (“Byrd Amendment-saka”)
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
Saka vart handsama saman med DS217.
WT/DS217
United States — Continued Dumping and Subsidy Offset Act of 2000 (“Byrd Amendment-saka”)
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
Saka vart handsama saman med DS234.
WT/DS213
United States — Countervailing Duties on Certain Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Germany
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS48
European Communities – Measures Concerning Meat and Meat Products (”Hormonsaka”)
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
For ankeorganet vart saka slått saman med DS26.
WT/DS33
United States — Measures Affecting Imports of Woven Wool Shirts and Blouses from India
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS32
United States — Measures Affecting Imports of Women’s and Girls’ Wool Coats
Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider:
WT/DS26
European Communities – Measures Concerning Meat and Meat Products (”Hormonsaka”)
Sakspapira og meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
For Ankeorganet vart saka slått saman med DS48.
WT/DS21
Australia – Measures Affecting the Importation of Salmonids
Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:
WT/DS18
Australia – Measures Affecting the Importation of Salmon
Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider:
WT/DS2
United States – Standards for Reformulated and Conventional Gasoline (“bensinstandardsaka”)
Meir informasjon om saka er tilgjengelege frå WTOs heimesider:
Saker kor Noreg var part under tvisteløysingssystemet i Gatt (1947 – 1994) (berre saker der panelrapporten vart vedtatt. Lenker til WTOs heimesider.)
- Belgium – Family Allowances
- Germany – Treatment by Germany of Imports of Sardines
- Norway and Others – Uruguayan Recourse to Article XXIII, sjå også herog her.
- Norway – Restrictions on Imports of Certain Textile Products
- Norway – Restrictions on Imports of Apples and Pears
- Norway – Procurement of Toll Collection Equipment for the City of Trondheim(“Køfri-saka”)
- United States – Imposition of Anti-Dumping Duties on Imports of Fresh and Chilled Atlantic Salmon
- United States – Imposition of Countervailing Measures on Imports of Fresh and Chilled Atlantic Salmon