Verserande WTO-tvistesaker med Noreg som tredjepart

Under fylgjer ei oversikt over alle sakene der Noreg deltek som tredjepart (dvs. i ei slags observatørrolle, med rett til å gje innlegg for panel og ankeorgan).

Under fylgjer ei oversikt over alle sakene der Noreg deltek som tredjepart (dvs. i ei slags observatørrolle, med rett til å gje innlegg for panel og ankeorgan).

Kontaktperson Linn Edvartsen (UD)

Ei oversikt over tvisteløysingssystemet i WTO finn du her.

WT/DS623
United States — Certain Tax Credits Under the Inflation Reduction Act

Saka gjeld visse skattefrådrag innført av USA under Inflation Reduction Act. Kina hevdar at tiltaka er i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1 og III:4, Avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala) artikkel 2.1 og 2.2 Avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala) artikkel 3.1(b) og 3.2.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS618
European Union – Countervailing duties on imports of biodiesel from Indonesia 

Saka gjeld EUs utjamningsavgifter på biodiesel frå Indonesia. Indonesia hevdar at tiltaka strir med ei rekke reglar i avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala) og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (GATT 1994).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS611
China — Enforcement of Intellectual Property Rights

Saka gjeld Kinas tiltak som påverkar immaterielle rettar. EU meiner at tiltaka er i strid med fleire reglar i avtala om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar (Trips-avtala), samt Kinas tiltredingsprotokoll.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS610
China — Measures Concerning Trade in Goods

Saka gjeld Kinas tiltak som utgjer restriksjonar på handel med frå eller til Litauen eller relatert til Litauen. EU meiner at tiltaka strir med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om handelsforenkling (TF-avtala) og avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS597
United States - Origin Marking Requirement

Saka gjeld USAs regelendringar frå 2020 om merking av varer frå Hongkong (dei må no merkast med «Kina»). Hongkong hevdar at den amerikanske regel- og praksisendringa strir med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), avtala om opphavsreglar og avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka: 

WT/DS593
European Union — Certain measures concerning palm oil and oil palm crop-based biofuels

Saka gjeld EU sine tiltak som påverkar palmeolje og avlingsbasert biodrivstoff frå oljepalme. Indonesia hevdar tiltaka strir med ei rekke reglar i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala) og Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS582/DS588
India — Tariff Treatment on Certain Goods in the Information and Communications Technology Sector
WT/DS584
India — Tariff Treatment on Certain Goods

Sakene gjeld Indias toll på ei rekke informasjonsteknologiprodukt. EU, Japan og Taiwan hevdar at tiltaka strir med artikkel II:1 (a) og (b) i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sine innlegg i sakene:

WT/DS566
Russian Federation – Additional Duties on Certain Products from the United States

Saka gjeld Russlands sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevdar tiltaka strir med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b). 

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS561
Turkey – Additional Duties on Certain Products from the United States

Saka gjeld Tyrkias sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevdar tiltaka strir med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b). 

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS558
China – Additional Duties on Certain Products from the United States

Saka gjeld Kinas sokalla rebalanserande tiltak (mottiltak) som følgje av USAs tollauke på import av stål og aluminium. USA hevdar tiltaka strir med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1, II:1(a) og (b).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS564
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (Turkey)

Sakene gjeld USAs tilleggstoll på visse stål- og aluminiumsprodukt. Tyrkia hevdar at USA handlar i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS556
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (Switzerland)

Sakene gjeld USAs tilleggstoll på visse stål- og aluminiumsprodukt. Sveits hevdar at USA handlar i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS554
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (Russia)

Sakene gjeld USAs tilleggstoll på visse stål- og aluminiumsprodukt. Russland hevdar at USA handlar i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sine innlegg i saka:

WT/DS545
United States — Safeguard Measure on Imports of Crystalline Silicon Photovoltaic Products (Korea)

Saka gjeld USA sine vernetiltak om import på visse produkt av fotovoltaiske celler av krystallinsk silisium. Korea hevdar at tiltaka strir med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel XIX og fleire reglar i avtala om vernetiltak.

Meir informasjon ofinn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS544
United States — Certain Measures on Steel and Aluminium Products (China)

Sakene gjeld USAs tilleggstoll på visse stål- og aluminiumsprodukt. Kina, hevdar at USA handlar i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel og avtala om vernetiltak.

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

Noreg sine innlegg i sakene:

WT/DS543
United States — Tariff Measures on Certain Goods from China

Saka gjeld USAs tilleggstoll på visse varer frå Kina. Kina hevdar at tiltaka strir med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel I:1 og II:1(a) og (b).

Meir informasjon om saka finn ein på WTOs heimesider:

WT/DS539
US - Anti-Dumping and Countervailing duties on Certain Products and the Use of Facts Available (Korea) 

Saka gjeld USA sine anti-dumping- og utjamningstiltak på visse produkt frå Korea. Korea hevdar at tiltaka strir med fleire reglar i anti-dumpingavtala og avtala om subsidier og utjamningstiltak (SCM-avtala).

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS510
United States — Certain Measures Relating to the Renewable Energy Sector

Saka gjeld visse amerikanske tiltak i form av insentiv som blir gitt eller blir ført vidare på vilkår av bruk av innanlandske produkt framfor importerte produkt i fornybar energisektor. India hevdar at tiltaka er i strid med avtala om subsidiar og utjamningstiltak (SCM-avtala) artikkel 3.1(b), 3.2 og 25, Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel III:4, og med avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala) artikkel 2.1.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS509
China — Duties and other Measures concerning the Exportation of Certain Raw Materials (EU)

Saka gjeld kinesiske eksportavgifter- og kvotar på visse råmaterialar. EU hevdar at tiltaka er i strid med artikkel XI:1 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og tiltredingsprotokollen til Kina.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS508
China — Export Duties on Certain Raw Materials (USA)

Saka gjeld kinesiske eksportavgifter- og kvotar på visse råmaterialar. USA hevdar at tiltaka er i strid med artikkel XI:1 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og tiltredingsprotokollen til Kina.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine  heimesider:

WT/DS494
European Union — Cost Adjustment Methodologies and Certain Anti-dumping Measures on Imports from Russia – (Second complaint)

Saka gjeld EU sin metodikk for kostnadsberekning og anti-dumpingavgifter på ei visse produkt frå Russland. Russland hevdar at tiltaka er i strid med ei rekke reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Sjå også omtala av DS474.

Noreg sitt innlegg i saka:

WT/DS484
Indonesia — Measures Concerning the Importation of Chicken Meat and Chicken Products (Brasil)

Saka gjaldt opphavleg Indonesias tiltak på import av kyllingkjøtt og kyllingprodukt. Brasil hevda at tiltaka var i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) artikkel III:4, X:1, X:3 og XI:1, landbruksavtala artikkel 4.2, ei rekke reglar i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala) artikkel 2.1 og 2.2, og artikkel 3.2 og 3.3 i avtala om importlisensiering. WTOs tvisteløysingsorgan vedtok panelets rapport 22. november 2017.

Når eit WTO-medlem har gjennomført rapportane til panelet og ankeorganet slik desse er vedteke av tvisteløysingsorganet i WTO (og dermed blir tvisteløysingsorganets anbefalingar og konklusjonar), og partane er usamde om dei nye tiltaka er i samsvar med WTO sine reglar, kan partane i saka etter tvisteløysingsavtala be om at et tvisteløysingspanel avgjer dette etter tvisteløysingsavtala. Brasil har i 2019 gått til sak om gjennomføringa til Indonesia av anbefalingar og konklusjonar frå tvisteløysingsorganet, og tvitseløysingsorganet .

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

Noregs innlegg i den opphavlege saka:

WT/DS474
European Union — Cost Adjustment Methodologies and Certain Anti-dumping Measures on Imports from Russia

Saka gjeld EU sin metodikk for kostnadsberekning og anti-dumpingavgifter på ei rekke produkt frå Russland. Russland hevdar at tiltaka er i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), anti-dumpingavtala og Marrakesh-avtala.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS462
Russian Federation – Recycling Fee on Motor Vehicles

Saka gjeld Russland sine resirkuleringsavgifter på importerte motorkøyretøy (unntatt er køyretøy frå Kviterussland og Kasakhstan). EU hevdar at tiltaka er i strid med Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), artikkel I:1, II:1(a) og (b), III:2, og III:4, samt med avtala om handelsrelaterte investeringstiltak (Trims-avtala) artikkel 2.1 og 2.2.

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider:

WT/DS420
United States — Anti-Dumping Measures on Corrosion-Resistant Carbon Steel Flat Products from Korea 

Saka gjeld USA sine anti-dumpingtiltak, irekna sokalla ”zeroing”, mot korrosjonsresistente stålprodukt frå Korea. Korea meiner at tiltaka er i strid med fleire reglar i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994), anti-dumpingavtala, og Marrakesh-avtala. 

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider: 

WT/DS389
European Communities - Certain Measures Affecting Poultry Meat and Poultry Meat Products from the United States

Sakene gjeld EU sine tiltak knytt til import av fjørfekjøtt. EU har sidan 1997 hatt eit importforbod mot fjørfekjøtt utsett for sjukdomshemjande mikrobe-behandling (sokalla PRTs), som fører til at det ikkje er løyve til å importere amerikanske fjørfeprodukt. USA meiner at tiltaka er i strid med artikkel 2.2, 5.1, 5.2, 7 og 8 i avtala om sanitære og plantesanitære tiltak (SPS-avtala), artikkel 4.2 i landbruksavtala, artikkel III:4, X:1 og XI:1 i Generalavtala om tolltariffar og handel 1994 (Gatt 1994) og artikkel 2.1 i avtala om tekniske handelshindringar (TBT-avtala). 

Meir informasjon om saka finn ein på WTO sine heimesider: