Statens pensjonsfond og Santiago-prinsippane
Artikkel | Sist oppdatert: 31.01.2023 | Finansdepartementet
Organisasjonen the International Forum of Sovereign Wealth Funds (IFSWF) vart etablert i 2009 med føremål om å fremje arbeidet med internasjonale retningslinjer for statlege investeringsfond – dei såkalla Santiago-prinsippa. Noreg er ikkje medlem av organisasjonen, men støttar opp om prinsippa.
Santiago-prinsipp er samansett av 24 generelle prinsipp (GAPP) som dekker viktige aspektar som openheit, god styringsstruktur og forsvarlege investeringsprinsipp.
Finansdepartementet har nyleg føreteke ein gjennomgang av eigenevalueringa av Statens pensjonsfonds si etterleving av desse prinsippa.