Hjelpemiddel for betre funksjonsevne
Artikkel | Sist oppdatert: 11.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Menneske med varige funksjonsnedsetjingar kan ha rett til hjelpemiddel frå folketrygda.
Hjelpemidla kan vere utstyr, tenester eller tiltak som hjelper personar med nedsett funksjonsevne å handtere daglege utfordringar og delta i samfunnet og i arbeid. Desse hjelpemidla kan kompensere for praktiske problem som oppstår på grunn av funksjonsnedsetjinga.
Døme på hjelpemiddel kan vere:
- Rullestolar: For personar med rørslevanskar.
- Høyreapparat: For personar med nedsett høyrsel.
- Ortopediske hjelpemiddel: Ulike protesar som arm- og beinprotese, brystprotese, parykk mv.
- Førarhund: For blinde og svaksynte personar som treng hjelp til å ta seg fram inne og utandørs
- Tolkehjelp: For døve, døvblinde og dei med nedsett høyrsel som treng tolking
- Tilrettelegging i heimen: Som trappeheisar, ramper, personløftarar og kjøkkenløysing som kan hevast og senkast.
Hjelpemiddel kan vere nødvendige for å skaffe eller behalde arbeid, betre funksjonsevna i dagleglivet eller få pleie heime. Personar med varige funksjonsnedsetjingar (over to år) kan ha rett til slike hjelpemiddel frå folketrygda, medan kommunen har ansvar for utlån ved mellombelse behov (under to år).