Arbeidsavklaringspengar (AAP)
Artikkel | Sist oppdatert: 11.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidsavklaringspengar (AAP) er ei yting frå Nav (Arbeids- og velferdsetaten) for personar som har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte. AAP skal sikre inntekt for folk som treng arbeidsretta tiltak, behandling eller anna oppfølging som kan bidra til at dei kjem inn i eller tilbake i arbeid.
Kven får arbeidsavklaringspengar?
Som hovudregel må arbeidsevna vere nedsett med minst halvparten til alle typar arbeid som personen er kvalifisert for. Arbeidsavklaringspengar blir gitt til personar som har behov for behandling for å betre arbeidsevna si, eller hjelp frå Nav for å behalde eller skaffe arbeid. For å få arbeidsavklaringspengar må ein bidra aktivt for å avklare om ein kan kome i eller tilbake i arbeid.
Korleis blir arbeidsavklaringspengar rekna ut?
Arbeidsavklaringspengar (AAP) blir rekna ut frå inntekta året før arbeidsevna blei redusert med minst halvparten. Dersom gjennomsnittsinntekta dei siste tre åra før dette tidspunktet er høgare, blir den brukt i staden. AAP utgjer 66 prosent av denne inntekta og blir skatta som vanleg løn. Minste årlege utbetaling er 2,041 gonger grunnbeløpet. For personar under 25 år er minste årlege utbetaling 2/3 av 2,041 gonger grunnbeløpet.
Du finn meir informasjon om arbeidsavklaringspengar på Nav sine nettsider.