Pleiepengar for sjukt barn
Artikkel | Sist oppdatert: 12.12.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pleiepengar er ei økonomisk støtte for yrkesaktive personar som må vere borte frå jobb for å ta vare på eit barn som treng kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting.
Gradering av pleiepengar
Dersom barnet har organisert tilsyn av andre, for eksempel er i barnehage eller skule delar av dagen, kan pleiepengane bli reduserte (graderte). Ved gradering skal det takast omsyn til behovet for å vere i beredskap og for kvile etter tilsyn og pleie om natta (nattevak). Pleiepengane kan graderast ned til 20 prosent.
Pleiepengar kan givast så lenge vilkåra er oppfylte, fram til barnet fyller 18 år.
Korleis blir pleiepengane rekna ut?
Pleiepengar blir rekna ut på same måte som sjukepengar:
- For arbeidstakarar og frilansarar: Utrekninga er basert på inntekta rapportert til a-ordninga dei siste tre månadene før fråværet starta.
- For sjølvstendig næringsdrivande: Utrekninga er basert på gjennomsnittet av den pensjonsgivande årsinntekta dei siste tre åra.
Pleiepengar blir utbetalte med 100 % av utrekningsgrunnlaget frå første fråværsdag, men kan ikkje overstige seks gonger grunnbeløpet.