Uføretrygd
Artikkel | Sist oppdatert: 14.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Uføretrygd frå folketrygda skal sikre inntekt for personar som har fått si inntektsevne varig nedsett grunna sjukdom, skade eller lyte.
Kven får uføretrygd?
Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått si inntektsevne varig nedsett med minst 50 prosent på grunn av sjukdom og/eller skade. Dersom ein mottek arbeidsavklaringspengar når ein søker om uføretrygd, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er varig nedsett med minst 40 prosent. Det er mellom anna eit vilkår at ein har gjennomført tenleg behandling og tenlege arbeidsretta tiltak utan at inntektsevna er betra.
I tillegg til uføretrygd frå folketrygda kan ein ha rett til uføreyting frå tenestepensjonsordningar.
Utrekningsgrunnlag
Uføretrygda blir utrekna på grunnlag av gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt dei tre beste av dei fem siste åra før personen vart ufør. Uføretrygda utgjer 66 prosent av grunnlaget. Dei som ikkje har hatt inntekt, eller som har låg tidlegare inntekt, er sikra gjennom minste årleg uføretrygd. Uføretrygda blir skattlagd som lønn.
Kombinere trygd og arbeid
Det er mogleg å kombinere uføretrygd med arbeid også for dei som er heilt uføre: Ein kan melde frå til Nav kor mykje ein trur ein vil tene i løpet av kalenderåret. Det er først når ein kjem over ei fastsett inntektsgrense at uføretrygda vert redusert fortløpande. Inntektsgrensa er den inntekta som ein er forventa å kunne skaffe seg som ufør, tillagd eit fribeløp på 40 prosent av grunnbeløpet. Ein får inga endring i uføregraden dersom ein tener meir enn inntektsgrensa.
- Du finn meir informasjon om uføretrygd på heimesidene til NAV
- Sjå relevant regelverk: Folketrygdlova kapittel 12 (lovdata.no)
- Forskrift om uføretrygd frå folketrygda (lovdata.no)