Husbanken lanserer eige miljøprogram
Det nye miljøprogrammet til Husbanken gjennomfører regjeringa sin miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren – ”Bygg for framtida”.
Artikkel | Sist oppdatert: 30.06.2010 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Det nye miljøprogrammet til Husbanken gjennomfører regjeringa sin miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren – ”Bygg for framtida”.
Regjeringa sin miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren – ”Bygg for framtida” – er grunnlaget for det nye miljøprogrammet til Husbanken. Husbanken er ei viktig drivkraft og ein innovativ vegvisar for å realisere nasjonale miljømål i bustad- og byggjesektoren. Miljø og energi er viktige satsingsområde for Husbanken, som medverkar til ein miljøvennlig bustadmasse blant anna gjennom lån og tilskot.