Sykkel

Sykling er ei miljøvenleg transportform som kan ta ein stor del av framtidig trafikkvekst, og som samtidig har ein positiv helseeffekt. Det er laga nasjonale og lokale målsettingar om å auke prosentdelen sykkelreiser. For å få fleire til å sykle er det viktig å sørge for god tilgjengelegheit og trafikksikkerheit.

Sykling som transportform er eit viktig premiss for den berekraftige og kompakte byen, og ein føresetnad for å utvikle stadar som vert opplevd som attraktive, framkomelege og trafikksikre.

I 2012 vedtok Stortinget nullvekstmålet som ein del av klimaforliket. Nullvekstmålet går ut på at all framtidig vekst i mobilitet skal skje med kollektiv, sykkel og gåing. Nasjonal transportplan har ei målsetting om at prosentdelen sykkelreiser skal vere på 8 prosent på landsbasis, og 20 prosent i dei største byane. Dette vil seie ei dobling samanlikna med sykkelandelen dei siste åra. Det er også eit nasjonalt mål at 8 av 10 barn med skuleveg opp til 4 kilometer skal gå eller sykle til skulen.

Statlege planretningslinjer for bustad-, areal-, og transportplanlegging (SPR-BATP) skal bidra til meir effektive planprosessar. Planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremme samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikksikkerheit og effektiv trafikkavvikling. I planretningslinjene står det at planlegging skal bidra til å styrke sykling som transportform. I by- og tettstadsområde bør det lagast planar for eit samanhengande sykkelvegnett med høg kvalitet. God infrastruktur gjer det enklare og meir attraktivt å velje sykkel som transportmiddel. Den nasjonale sykkelstrategien presenterer ulike verkemiddel for god tilrettelegging for sykkel.

SPR-BATP har retningslinjer for grunnlaget for avgjerder ved planlegging av utbyggingsmønster og transportsystem. Ved behov for auka transportkapasitet skal ein greie ut moglegheitene for å løyse transportbehovet med betre tilrettelegging for kollektiv, sykkel og gåing.

Plan- og bygningslova gjev rammer for planlegging av samferdselsinfrastruktur, frå overordna planlegging i regionale planar (§ 8-1), til arealdelen til kommuneplanen med opplysning om samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (§ 11-7, punkt 2).

Reglar om medverking for kommunedelplanar er regulert i reglar om planprosessar i plan- og bygningslova (§§ 11-12–11-18). Det er krav om reguleringsplan for gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak (§ 12-1).

 

 

Rettleiing og ressursar

Nasjonal sykkelstrategi (pdf) (Statens vegvesen)

Oslostandarden for sykkeltilrettelegging (pdf) (Oslo kommune)

 

V122 Sykkelhåndboka (pdf) (Statens vegvesen)

N100 Veg- og gateutforming (Statens vegvesen)

N300 Skilting (Statens vegvesen)

N302 Vegoppmerking (Statens vegvesen)

Byrom - en idehåndbok (Kommunal- og distriktsdepartementet)

 

Statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (Kommunal- og distriktsdepartementet)

Forskrift om konsekvensutgreiing (Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet)

 

Nasjonalt fagnettverk for sykkel og gange (Statens vegvesen)

Tiltakskatalog for transport og miljø (Transportøkonomisk institutt)

Pilotprosjekter for ulike sykkeltiltak (Statens vegvesen) som testes ut norske byer.

Videoar frå sykkelnettverket

Se alle videoene fra Sykkelnettverket på Youtube: Sykkelnettverket - YouTube

7 minutter om sykkelprioriterte gater (Sykkelnettverket)
Stavanger kommune har utformet noen sentrumsgater til å bli sykkelprioriterte gater. I denne nye filmen kan du se hvordan de har gjort det.

6 minutter på sykkelekspressveien (Sykkelnettverket)
Her kan du bli med på vår nye 6 minutter digitale sykkelbefaring av sykkelstamveien mellom Stavanger og Sandnes.

Digital sykkelbefaring i Oslo (Youtube)

 

 

Ansvar og roller

Ca. 40 prosent av det offentlege vegnettet er kommunalt, som vil seie at kommunar har ei sentral rolle i å legge til rette for trafikksikker sykling langs kommunale vegar. Det er også mange som bur langs dette vegnettet, og det er dermed eit stort potensiale for at korte reiser kan gjennomførast på sykkel langs dette vegnettet.

Som planmyndigheit kan kommunane legge til rette for eit effektivt og berekraftig transportsystem. Gjennom kommunale arealstrategiar og arealplanar legg kommunane føringar for videre utbygging av eit godt samferdselsnett. Dette gjerast blant anna gjennom trygge skulevegar, ved å planlegge for sykling til kollektivknutepunkt og til friluftslivsområde. Kommunane kan vidare kartlegge status for eige vegnett og utreie behov for vidare utbygging og oppgradering. Dette vil kunne vere grunnlag for en eigen kommunal sykkelstrategi.

 

Fylkeskommunane har ansvaret for forvalting av fylkesvegane, som består av 48 prosent av vegnettet. Fylkeskommunane har også ansvar for kollektivtransport på land og sjø, både i sentrale område og i distrikta. Gjennom regionale planar legg fylkeskommunane til rette for eit effektivt utbyggingsmønster, ein tydeleg senterstruktur og hovudtrekka i transportsystemet. 

Fylkeskommunane har ansvar for fagnettverk med kommunane i sitt fylke som del av Sykkelnettverket. Det er eit nasjonalt fagnettverk som skal dele kunnskap og erfaringar om planlegging for sykkel og gåing.

 

Samferdselsdepartementet har eit overordna ansvar for utarbeiding av Nasjonal Transportplan (NTP) som inneheld politiske prioriteringar for samferdselsinfrastrukturen i heile landet. Kommunal- og distriktsdepartementet har eit særskilt ansvar for dei nasjonale føringane om planlegging etter plan- og bygningslova, og til vedtak av statlege arealplanar. 

Statens vegvesen har ansvar for regelverk og vegnormalar for all offentleg veg, inkludert normalar for korleis infrastruktur for gåing skal byggast. Statens vegvesen bygg og driftar gang- og sykkelvegar langs riksvegar, noko som utgjer ca. 10 prosent av det offentlege vegnettet.

Statens vegvesen har også ansvar for å utvikle sektoren i tråd med nasjonale transportpolitiske mål, og leiar arbeidet med forhandlingar og oppfølging av byvekstavtalane i dei største byområda. I tillegg har Statens vegvesen hovudansvaret for Sykkelnettverket, som er eit nasjonalt fagnettverk for sykkel og gange.

Bane NOR planlegger, bygger ut og vedlikeheld jernbana, stasjonane og terminalane. Bane NOR har ansvar for bygging av sykkelparkering og sykkelhotell på sine stasjonar.