Framlegg om regulering av digitale tenester og digitale marknader

Europakommisjonen har over lengre tid varsla tiltak for å regulere dei største teknologiselskapa, og presenterte 15. desember rettsaktene Digital Service Act (DSA) og Digital Markets Act (DMA). Desse er ein sentral del av EUs nye digitale strategi som skal regulere leverandørar av ulike digitale tenester. Dei to foreslåtte rettsaktene tek opp utfordringar som heng saman: DMA rettar seg mot mangelen på konkurranse i digitale marknader, medan DSA først og fremst handlar om openheit og forbrukarvern.

Digital Services Act
EØS EFTA-landa, Noreg, Island og Liechtenstein, sendte 29. september eit innspel til EU om framlegget til Digital Services Act (DSA). DSA kan få følgjer for blant anna ytringsfridom, konkurransevilkår og forbrukarrettar. EØS EFTA-landa meiner at ulovleg innhald bør fjernast meir effektivt av internettbaserte plattformtenester, som til dømes sosiale medium, på tvers av EØS, samstundes som det er viktig å oppretthalde den rette balansen mellom utøvinga av ytringsfridom og fjerning av innhald på nettet. Nasjonal kompetanse, redaksjonelt innhald og overvåkningsbasert marknadsføring er blant tematikkane i innspelet. Framlegget til DSA er for tida til behandling i EU.

DSA er ein sentral del av EUs nye digitale strategi, og skal regulere leverandørar av ulike digitale tenester, som e-handelstenester, sosiale medium og digitale plattformer. Føresegnene i rettsakta skal bidra til å sikre grunnleggande rettar for alle brukarar av digitale tenester, gi større demokratisk kontroll og oversikt over plattformer, redusere risiko for manipulasjon og desinformasjon, og skape like vilkår for å fremje innovasjon, vekst og konkurransekraft, både i den indre marknaden og globalt. 

EØS EFTA posisjonen for DSA kan du finne her

Digital Market Act
Framlegget til forordning skal bidra til ein meir open og rettferdig plattformøkonomi og hindre åtferd som er skadeleg for konkurransen og forbrukarane. Det inneber å harmonisere reglar som skal sikre opne og rettferdige digitale marknadar i EØS i dei tilfeller der store internettbaserte plattformar fungerer som såkalla portvokter.

Det blir etablert eit sett med objektive kriterium for å kvalifisere ei stor internettbasert plattform som ein portvokter. Framlegget til regulering omfattar portvokters si sentrale plattformteneste som blir levert til verksemder som er etablerte i EU, eller til sluttbrukarar som er etablerte eller opphalder seg i EU. Reguleringa gjeld difor uavhengig av kvar portvokter høyrer heime.

Vidare legg framlegget opp til ei konkurranserettsleg førehandsregulering (ex ante) som pålegg plikter på portvokterverksemda. Plikter kan påleggjast før portvokterne utviser konkurranseskadeleg åtferd, det er nok at portvokteren er i en situasjon som gjer at han kan utnytte posisjonen sin i marknaden. Dette reguleringsgrepet liknar konkurransereguleringa i ekomloven. 

EØS EFTA posisjonen for DMA kan du finne her

Framlegga og høyringsinnspela kan du finne her:

Framlegg til regulering av digitale tenester:

proposal_for_a_regulation_on_a_single_market_for_digital_services.pdf (europa.eu)

Framlegg til regulering av digitale marknader:

proposal-regulation-single-market-digital-services-digital-services-act_en.pdf (europa.eu)

Kommisjonens informasjonsside:

The Digital Services Act package | Shaping Europe’s digital future (europa.eu)

Kommisjonens pressemelding:

Europe fit for the Digital Age: digital platforms (europa.eu)

Høyringsinnspel:

Abelia - NHOs forening for kunnskaps- og teknologibedrifter

Amnesty International Norge

Mediebedriftenes Landsforening (MBL)

Næringslivets Hovedorganisasjon

Schibsted

Felles innspel om DMA frå Danske Medier, finnmedia, Mediebedriftenes Landsforening og TU Medier i Sverige