Universitets- og høgskulebygg

Kunnskapsdepartementet har utvikla ein vegvisar for statlege universitet og høgskular om samarbeidet i bygge- og leigesaker.

Kunnskapsdepartementet ønsker å ha god dialog med institusjonane om bygge- og leigesaker, og har utvikla ein overordna vegvisar om samarbeidet. Siktemålet med vegvisaren er å støtte opp under ein transparent og føreseieleg dialog og samhandling om arealbehov.

Endeleg vegvisar kjem i januar 2025  

Statlege universitet og høgskular disponerer til saman 3,5 mill. kvadratmeter som er den største eigedomsporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigde, mens noko er leigde i den private marknaden (kjelde: DBH).

Innspel

Sjå tidlegare innspel til arbeidet her