Oversyn over forventa handsamingstider
Artikkel | Sist oppdatert: 03.05.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet handsamar søknader og førespurnader fortløpande og så raskt som mogleg. Nedanfor finn du oversikt over forventa handsamingstid for ulike typar saker.
Handsamingstidene som blir omtala nedanfor, er forventa handsamingstider for ordinære saker. Komplekse saker, eller saker der det manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil ta lengre tid. Søknader må difor presist skildre forholda i saka og leggje ved dokumentasjon som underbyggjer saka.
Departementet har redusert handsamingskapasitet for eksportkontroll ut 2024 på grunn av svært stor pågang, samt bidrag til arbeidet med å etablera Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA). Handsamingstida kan difor bli lenger enn venta. Vi orsakar eventuelle ulemper dette kan føra til.
Vi gjer merksame på at handsamingstidene kan bli lengre i periodar med ordinær ferieavvikling.
Type sak |
Antall |
Eksportlisens for flerbruksvarar (Liste II) |
6 |
Eksportlisens og overføringslisensar for forsvarsmateriell (Liste I) |
2 |
Eksportlisens for kunnskapsoverføring |
10 |
Eksportlisens for tenestar |
4 |
Generelle henvendelsar |
3 |
Importsertifikat |
1 |
Klage på vedtak Du har rett til å klage på eit vedtak du har fått innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Klagen skal sendast inn skriftleg i E-lisens under 'Generelle førespurnader'. Vis til saksnummeret klagen gjeld. |
12 |
Leveringsbevis |
1 |
Lisens for formidling av forsvarsmateriell eller flerbruksvarar |
2 |
Saker om eksport til eit sanksjonert land. Sjå oversikta over land med sanksjonar og kva føresegner og avgrensingar som gjeld for landet du skal eksportere til. |
12 |
Samarbeidsavtalar |
12 |
Sertifisering av føretak i Noreg |
18 |
Søknad om endring av gyldig lisens |
1 |