Pågåande saker for Efta- og EU-domstolen

Her følgjer eit oversyn over verserande saker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert.

Saker for Efta-domstolen

E-1/24 TC

Førespurnad frå ein domstol i Liechtenstein om ei rådgjevande fråsegn om tolkninga av direktiv (EU) 2015/849 (fjerde hvitvaskingsdirektiv) og direktiv (EU) 2018/843 (femte hvitvaskingsdirektiv.

Norsk skriftleg innlegg: 22. mars 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

E-15/23 K v Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten

Førespurnad frå Trygderetten i Noreg om ei rådgjevandfe fråsegn om tolkninga av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/24/EU av 9. mars 2011 om pasientrettar i samband med grensekryssande helsetenester,  europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF av 7. september 2005 om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, og EØS-avtala artikkel 36 om retten til å yte og motta tenester.

Norsk skriftleg innlegg: 19. februar 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 14. mai 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-14/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om mangelfull gjennomføring av direktiv 2014/50 om supplerande pensjonsordningar.

Norsk tilsvar: 5. Januar 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Margrethe Norum

E-13/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at ein norsk regel som heimlar inngrep i etterkant av etablering eller erverv av datterforetak i anna EØS-stat strir med EØS-avtalas reglar på finansmarkedsområdet.

Norsk tilsvar: 18. desember 2023
Norsk duplikk: 6 March 2024
Munnleg høyring: 24 April 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-10/23 X v Finanzmarktaufsicht

Førespurnad frå ein liechtensteinsk domstol om ei rådgjevande fråsegn om tolkinga av Avtala mellom EFTA-statane om etablering av eit overvakingsorgan og ein domstol (ODA).

Noreg leverte ikkje skriftleg innlegg.
Munnleg høyring med norsk innlegg:  27. februar 2024
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

E-9/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at norsk regelverk og praksis for tilgang til sykehusbehandling i andre EØS-statar strir med reglane i EØS-avtalas hovuddel om fri rørsle av tenester (artikkel 36) og trygdeforordninga (883/2004).  

Norsk tilsvar: 9. oktober 2023
Norsk duplikk: 15. desember 2023
Munnleg høyring: 20. mars 2024
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

Saker for EU-domstolen

C-482/23 European Commission v Kingdom of Denmark

Kommisjonen har stemna Danmark for EU-domstolen med påstand om at dansk regelverk og praksis av høvet for ein transportør frå ein EU/EØS-stat til å utføre innanlands persontransport i ein annan EØS-stat strir med europaparlaments- og rådsforordning (EF) 1073/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for transport med turvogn og buss

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 14. januar 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

C-409/23 Arvato Finance

Prejudisiell framlegging frå ein nederlandsk domstol med spørsmål om tolking av direktiv 2008/48/EF (forbrukarkredittdirektivet). Saka reiser spørsmål knytta til hvilke kostnadar som eventuelt blir rekna som kredittkostnadar ved ei «kjøp nå betal seinare»-teneste.

Norsk skriftleg innlegg: 27. oktober 2023
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Margrethe Norum

C-330/23 Aldi Süd

Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av direktiv 98/6/EF (prismerkingsdirektivet), og forholdet til direktiv 2005/29/EF (handelspraksisdirektivet). Saka reiser mellom anna spørsmål om marknadsføring som inneheld prosentvis prisnedsetjing og framheving av ein pris er i samsvar med prismerkingsdirektivet når prisnedsetjinga og framhevinga ikkje tar utgangspunkt i varens lågaste pris dei siste 30 dagane

Norsk skriftleg innlegg: 29. september 2023
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

C-540/22 Staatssecretaris van Justitie en Veiligheid

Prejudisiell framlegging frå ein nederlandsk domstol om tolking av Traktaten om Den europeiske unions virkemåte (TEUV) artikkel 56 og 57, som svarar til artikkel 36 og 37 i EØS-avtala (fri rørsle for tenester). Saka gjeld spørsmål knytta til opphaldsløyve for tredjelandsborgarar som utfører oppdrag i eitt EØS-land for eit selskap som er etablert i eit anna EØS-land.

Norsk skriftleg innlegg: 25. november 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 21. september 2023
Kontaktperson i UD: Ingeborg Collett

C-184/22 og C-185-22 KfH Kuratorium für Dialyse und Nierentransplantation

To prejudisielle framleggingar frå ein tysk domstol som EU-domstolen har sameina til felles handsaming med spørsmål om tolking av likestillingsdirektivet (2006/54/EF) og deltidsdirektivet (direktiv 97/81/EF). Saka gjeld krav om kompensasjon for overtidsarbeid ved deltidstilsetjing og godtgjersle for brot på likebehandlingslova.

Norsk skriftleg innlegg: 1. juli 2022
Inga munnleg høyring.
Kontaktperson i UD: Tone Hostvedt Aarthun

C-768/21 Land Hessen

Prejudisiell framlegging frå ein tysk domstol med spørsmål om tolking av personvernforordninga (2016/679). Saka gjeld om datatilsynsorgan etter forordninga alltid har plikt til å ileggje korrigerande tiltak i tilfelle der tilsynsorganet konstaterer at ein registrert sine rettar etter forordninga har blitt krenka.

Norsk skriftleg innlegg: 21. april 2022
Inga munnleg høyring
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

C-548/21 Bezirkshauptmannschaft Landeck

Prejudisiell framlegging frå ein austerriksk domstol med spørsmål om tolking av kommunikasjonsverndirektivets (2002/58) verkeområde og EUs Charter om grunnleggjande rettar. Saka gjeld om kommunikasjonsverndirektivet skal gjelde ved politiets gjennomgang av informasjon lagra på terminalutstyr (mobiltelefonar, datamaskinar og nettbrett) i tilfelle politiet får tilgang til denne informasjonen utan at ekomtilbydaren blir involvert.

Norsk skriftleg innlegg: 5. mars 2022
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. januar 2023
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø