Pågåande saker for Efta- og EU-domstolen

Her følgjer eit oversyn over verserande saker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert.

Saker for Efta-domstolen

E-24/24 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at norsk lovgjeving og forvaltingspraksis knytta til eigarkontroll for bank og forsikringsforetak strir med direktiv 2013/36/EU, som endra av direktiv (EU) 2019/878 (CRD), og direktiv 2009/138/EF (Solvens II).

Frist for norsk tilsvar: 27. november 2024

Norsk duplikk: Ikkje fastsett
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø og Oscar Nordén

E-15/24 A v B

Førespurnad frå Borgarting lagmannsrett om ei rådgjevande fråsegn i sak om ein foreldretvist kor mor ynskjer å flytte med barnet frå Noreg til Danmark. Spørsmålet er om kravet om fars samtykkje etter barnelova § 40 for flytting ut av landet strir med direktiv  2004/38/EF (fri personrørsledirektivet) eller EØS-avtala artikkel 28 om fri rørsle av arbeidstakarar

Norsk skriftleg innlegg: 2. september 2024

Munnleg høyring med norsk innlegg: 1. oktober 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-14/24 Elmetica AS v Confidee AS and Vidar Olsen

Førespurnad frå Noregs Høgsterett om ei rådgjevande fråsegn. Saka gjeld spørsmål om hvilke krav direktiv (EU) 2016/943 (forretningsløyndomsdirektivet) stiller for nasjonale domstolar med hensyn til framgangsmåten når dei skal avgjere tvistar om bevistilgang for forretningsløyndomar.

Norsk skriftleg innlegg: 9. september 2024

Munnleg høyring: med norsk innlegg: 23. oktober 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-7/24 AA

Førespurnad frå ein domstol i Liechtenstein om ei rådgjevande fråsegn om tolkninga av direktiv (EU) 2015/849 (fjerde hvitvaskingsdirektiv). Saka gjeld spørsmål i samband med dokumentasjon av ei rettkomen interesse i å få innsyn i opplysingar om reelle rettshavarar.

Noreg leverte ikkje skriftleg innlegg.

Munnleg høyring med norsk innlegg: 17. september 2024
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

E-1/24 TC

Førespurnad frå ein domstol i Liechtenstein om ei rådgjevande fråsegn om tolkninga av direktiv (EU) 2015/849 (fjerde hvitvaskingsdirektiv) og direktiv (EU) 2018/843 (femte hvitvaskingsdirektiv. Saka gjeld avslag på søknad om innsyn i register for reelle rettshavarar. Liechtensteinske styremakter grunnga avslaget med at søknaden ikkje spesifiserte føretaksnamn eller namn på den spesifikke juridiske eininga det ble søkt opplysingar om.

Norsk skriftleg innlegg: 22. mars 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 17. september 2024
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

E-16/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at Noreg bryt direktiv 2004/38/EF (fri personrørsledirektivet) for ikkje å anerkjenne mindreårige EØS-borgerars og deira primære omsorgspersonar frå tredjeland rett til opphald etter direktivet.

Norsk tilsvar: 5. mars 2024

Norsk duplikk: 7. mai 2024
Munnleg høyring: 2. juli 2024
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

E-15/23 K v Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten

Førespurnad frå Trygderetten i Noreg om ei rådgjevandfe fråsegn om tolkninga av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/24/EU av 9. mars 2011 om pasientrettar i samband med grensekryssande helsetenester,  europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF av 7. september 2005 om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, og EØS-avtala artikkel 36 om retten til å yte og motta tenester.

Norsk skriftleg innlegg: 19. februar 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 14. mai 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-13/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at ein norsk regel som heimlar inngrep i etterkant av etablering eller erverv av datterforetak i anna EØS-stat strir med EØS-avtalas reglar på finansmarkedsområdet.

Norsk tilsvar: 18. desember 2023
Norsk duplikk: 6. mars 2024
Munnleg høyring: 24. april 2024
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

E-9/23 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at norsk regelverk og praksis for tilgang til sykehusbehandling i andre EØS-statar strir med reglane i EØS-avtalas hovuddel om fri rørsle av tenester (artikkel 36) og trygdeforordninga (883/2004).  

Norsk tilsvar: 9. oktober 2023
Norsk duplikk: 15. desember 2023
Munnleg høyring: 20. mars 2024
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

Saker for EU-domstolen

T-8/24 Meta Platforms Ireland v EDPB

Ugyldigheitssøksmål som Meta Platforms Ireland Limited har reist mot eit vedtak fatta av det europeiske personvernrådet (EDPB). Vedtaket blei gjort etter oppmoding frå det norske Datatilsynet. Saka reiser spørsmål knytta til tolkinga av forordning (EU) 2016/679 (personvernforordninga).

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 19. september 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktpersonar i UD: Bojana Stankovic og Marie Munthe-Kaas

C-363/24 Finansinspektionen

Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om opplysingar blir rekna for å være presise nok til å utgjere innsideinformasjon etter artikkel 7(2) i marknadsmisbruksforordninga.

Norsk skriftleg innlegg: 13. september 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

C-229/24 Brännelius

Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014  (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om når informasjon om utfallet av ei anskaffingsprosess skal bli rekna som offentleggjort («made public») etter marknadsmisbruksforordninga artikkel 7, og dermed ikkje lenger utgjer innsideinformasjon

Norsk skriftleg innlegg: 28. juni 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

C-190/24 Coyote System

Prejudisiell framlegging frå ein fransk domstol med spørsmål om tolking av direktiv 2000/31/EF (e-handelsdirektivet). Saka reiser spørsmål om e-handelsdirektivet avgrensar tilgangen til å forby tilbydarar av trafikk- eller navigasjonsstøttetenester basert på geolokalisering å vidareformidle opplysingar om visse former for trafikkontrollar som setjes fram av tenestas brukerar gjennom tjenesta.

Norsk skriftleg innlegg: 2. juli 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Ingeborg Collett

C-482/23 European Commission v Kingdom of Denmark

Kommisjonen har stemna Danmark for EU-domstolen med påstand om at dansk regelverk og praksis av høvet for ein transportør frå ein EU/EØS-stat til å utføre innanlands persontransport i ein annan EØS-stat strir med europaparlaments- og rådsforordning (EF) 1073/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for transport med turvogn og buss

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 14. januar 2024
Munnleg høyring: 5. desember
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic