Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE)
Artikkel | Sist oppdatert: 25.09.2023 | Utanriksdepartementet
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) er eit viktig forum for dialog og samarbeid i heile det eurasiatiske området, der landa i Europa og Eurasia, USA og Canada, og dessutan Russland deltek. OSSE har no 57 deltakarland, det siste er Mongolia som blei teke opp i 2012.
Organisasjonen, som har hovudsete i Wien, arbeider innanfor tre dimensjonar, den politisk-militære dimensjon, den økonomisk-miljømessige dimensjon og den såkalla menneskelege dimensjonen som fokuserer på å fremje demokrati, godt styresett og menneskerettar.
Sentralt i dette arbeidet er dei tre uavhengige institusjonane – Kontoret for demokratiske institusjonar og rettar (ODIHR) i Warszawa, høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) i Haag og Kontoret til representanten for frie medium (RFOM) i Wien. I tillegg har OSSE eit omfattande feltnærvær på Vest-Balkan, i Sør-Kaukasus, Aust-Europa og Sentral-Europa.
Det overordna målet for Noregs innsats i OSSE er å fremje stabilitet og tryggleik i vår del av verda, der OSSE for Noreg sin del utfyller den rolla Nato og andre internasjonale organisasjonar spelar. Norske interesser er vidare knytt til særskilde område, der menneskerettar, demokrati og godt styresett har ein sentral plass. Likestilling og vern av minoritetar har òg høg prioritet. Elles vil Noreg bidra til å fremje følgjande av måla til organisasjonen:
- førebygging av konfliktar,
- handtering av transnasjonale tryggingstruslar, som organisert kriminalitet, menneskehandel, terrorisme og smugling av narkotika,
- nedrusting og tillitsskapande tiltak,
- stabile demokrati med respekt for menneskerettane
- oppfylling av kvart enkelt lands medlemskapsforpliktingar