Ingvard Havnen til Statsministerens kontor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 108-05 | Dato: 10.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Kongen har i statsråd i dag utnemnd ambassadør Ingvard Havnen (53), Ottawa, til ekspedisjonssjef og leiar for internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor. Havnen vil i løpet av hausten ta over etter Bente Angell-Hansen. (10.06.05)
Pressemelding
Nr.: 108/2005
Dato: 10. juni 2005
Ingvard Havnen til
Statsministerens kontor
Kongen har i statsråd i dag utnemnd ambassadør Ingvard Havnen (53), Ottawa, til ekspedisjonssjef og leiar for internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor. Havnen vil i løpet av hausten ta over etter Bente Angell-Hansen, som tidlegare er utnemnd til norsk ambassadør til Ungarn.
Ingvard Havnen har vore Noregs ambassadør til Canada sidan 2000. Han var Utanriksdepartementet sin pressetalsmann 1992-2000, frå 1998 òg leiar for utanriksministeren sitt sekretariat. Etter at han byrja i UD i 1980, tenestegjorde han ved generalkonsulatet i New York, NATO-delegasjonen i Brussel, i politisk avdeling i UD og ved ambassaden i Washington DC.
Ingvard Havnen kjem frå Rosendal i Hardanger og er cand.polit. med hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo i 1979. Han var stipendiat ved Fridtjov Nansen-instituttet 1978-1979.
I åra 1988-1990 var Ingvard Havnen reporter i utanriksavdelinga i NRK, og i studietida arbeidde han som journalist i NRK/Dagsnytt, NRK/Sportsrevyen, Mannskapsavisa og Arbeidernes Pressekontor. Han var stipendiat i NRK/Radio 1979-1980 og frilans skøytekommentator der 1980-2000.