Historisk arkiv

Statsministerens program veke 51

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Priv. til red.:

Pressemelding

Nr.: 175-06
Dato: 15.12.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 51

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. desember:
Kl. 09.00 held statsministeren avsluttande pressekonferanse føre jul, på Stratos, Youngstorget 2B i Oslo. Det vert servert frukost frå kl. 08.45.

Kl. 11.00 deltek statsministeren i møte i samarbeidskomiteen for dei sosialdemokratiske partia i Norden (SAMAK), i Arbeidarpartiet sine lokaler på Youngstorget i Oslo.

Om ettermiddagen reiser statsministeren til Midtausten, for å gjeste Beirut, Limassol, Jerusalem, Betlehem og Ramallah 19. og 20. desember.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Tysdag 19. desember:
Kl. 11.00 gjestar statsministeren Norsk Folkehjelp sitt utdannings- og rehabiliteringssenter i Beirut.

Kl. 12.30 møter statsministeren parlamentspresident Nabih Berri, i Beirut.

Kl. 13.30 møter statsministeren statsminister Fouad Siniora til arbeidslunsj, i Beirut.

Etter lunsjen er dei to tilgjengelege for pressefolk.

Kl. 15.00 gjeng statsministeren om bord i ein norsk MTB frå UNIFIL-styrken, for ein rundtur frå havna i Beirut.

Seint på ettermiddagen reiser statsministeren frå Beirut til Limassol på Kypros.

Kl. 20.00 kjem statsministeren til UNIFIL-basen i Limassol, for å sjå basen og ha middag med den norske styrken.

Onsdag 20. desember:
Om morgonen reiser statsministeren frå Kypros til Tel Aviv, og vidare til Jerusalem.

Kl. 10.00 møter statsministeren leiaren av det israelske arbeidarpartiet, forsvarsminister Amir Peretz, på King David Hotel i Jerusalem.

Kl. 10.45 møter statsministeren visestatsminister Shimon Peres, på King David Hotel i Jerusalem.

Kl. 11.30 møter statsministeren utanriksminister Tzipi Livni, på King David Hotel i Jerusalem.

Kl. 12.10 møter statsministeren statsminister Ehud Olmert til samtale og arbeidslunsj, i statsministerbustaden i Jerusalem.

Etter lunsjen er dei to tilgjengelege for pressefolk.

Deretter reiser statsministeren til Betlehem.

Kl. 14.50 gjestar statsministeren Fødselskyrkja i Betlehem.

Kl. 15.40 møter statsministeren religiøse leiarar, i konferansesenteret Presidential Palace i Betlehem.

Kl. 16.10 møter statsministeren representantar for den internasjonale styrken i Hebron (TIPH), i Presidential Palace i Betlehem.

Deretter reiser statsministeren til Ramallah.

Kl. 17.50 møter statsministeren president Mahmoud Abbas, i Muqataa i Ramallah.

Etter møtet, kl. 18.30, er dei to tilgjengelege for pressefolk.

Deretter reiser statsministeren til Tel Aviv, for heimreise til Oslo same kvelden.