Befringutvalgets mandat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 02.05.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Befringutvalet
Samansetning:
Professor Edvard Befring (leiar),Oslo
Amanuensis Solveig Botnen Eide, Lillesand
Helse- og sosialsjef Asbjørn Fjose, Førde
Direktør Marit Gjærum, Hamar
Advokat Knut Lindboe, Oslo
Professor Terje Ogden, Moss
Seksjonsleder Kristin Jæger Sivertsen, Oslo
Generalsekretær Hege Sundt, Oslo
Høgskolelektor Berit Aanderaa, Tønsberg
Mandat:
Utgreiinga skal ta føre seg alle sentrale område i barnevernet og legge særleg vekt på:
- korleis en kan utvikle hjelpetiltak og til dømes styrkje fosterheimane
- førebyggjande tiltak i familiane og i barn og familiar sine nærmiljø
- korleis en kan styrkje både foreldre og barn sin rettstryggleik i barnevernsaker innanfor rammene av eit fagleg, etisk og organisatorisk godt barnevern
Ein reknar med at utvalet gjer seg kjent med og inkluderer dei resultata frå evalueringa av barnevernlova som blir publisert i utvalsperioden.
Utvalet si gjennomgang og drøfting av barneverntenesta skal innehalde følgjande hovudpunkt:
- Utvikling av førebyggjande tiltak og hjelpetiltak i familiane og samarbeid mellom barneverntenesta og ulike brukarar av tenesta. I høve til barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar skal utvalet drøfte i kva grad det er føremålstenleg å byggje opp tiltak i nærmiljøet og korleis dette kan gjerast.
- Utvikling av omsorgstiltak i fosterheimar og institusjonar, gjennom m.a. ei drøfting av institusjonar sin plass og funksjonar og fosterheimane sine oppgåver, status og roller i høve til offentlege barneverntenester. Utvalet skal i tillegg vurdere bruken av institusjonar og fosterheimar som hjelpetiltak.
- Ansvarstilhøve og samarbeid: Mellom barneverntenesta og andre etatar som arbeider med barn og unge i kommunar og fylkeskommunar, mellom etatar på tvers av forvaltningsnivå, mellom offentlege, private og frivillige tiltak og tenester, mellom kommunar og mellom fylkeskommunar.
- Oppsummere tilgjengeleg kunnskap om i kva grad og korleis lovverket sikrar partane sin rettstryggleik i barnevernsaker og kvalitativt gode tenester. Under dette punktet skal utvalet m.a. vurdere den nye ordninga med fylkesnemndene for sosiale saker.
- Utvikling av kompetansen i barneverntenesta i ei vid tyding av omgrepet. Dette gjeld t.d. føremålstenlege konsultasjonsordningar i og mellom kommunar og fylkeskommunar og evner til å takle etiske og normative dilemma i barneverntenesta.
- Vurdere behov for endringar i m.a. lov- og regelverket og økonomiske og administrative konsekvensar av utvalet sine tilrådingar. Minst eit av endringsframlegga skal bygge på føresetnader om uendra eller redusert bruk av ressursar.