Fullmakt for opptak av statslån i 2003
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Finansdepartementet
80/2002
Pressemelding | Dato: 08.11.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2003. (08.11.02)
Pressemelding
Nr.: 80/2002
Dato: 08.11.02
Kontaktperson: Halvor Hvideberg, telefon 22 24 44 84
Fullmakt for opptak av statslån i 2003
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2003.
Statens brutto finansieringsbehov i 2003 er nær 23 milliardar kroner og har samanheng med avdragbetalingar på statsgjelda, netto utlån til statsbankane, andre nettoutlån og kapitalinnskot. Finansieringsbehovet vil etter planen bli dekka ved opptak av nye lån innanlands.
Erfaringsmessig er det ønskjeleg å ha fleksibilitet til å kunne tilpasse låneprogrammet til skiftande forhold gjennom året. Finansdepartementet ber derfor om fullmakter til opptak av lån som samla sett overstig statens finansieringsbehov. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 60 milliardar kroner. Fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) og andre kortsiktige lån er foreslått halden uendra på hhv. 80 milliardar kroner og 100 milliardar kroner. Det bes ikkje om fullmakt til opptak av nye lån i utlandet.
I desember vil Finansdepartementet og Noregs Bank offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2003.