Historisk arkiv

Kredittmeldinga: Vurdering av utøvinga av pengepolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

93/2003

Finansdepartementet gir i Kredittmeldinga 2002 ein fyldig omtale og vurdering av Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2002 og så langt i 2003. (31.10.2003)

Pressemelding

Nr.: 93/2003
Dato: 31.10.2003
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811, Øystein Olsen, telefon 22 24 45 00, mobil 91 82 79 44

Kredittmeldinga: Vurdering av utøvinga av pengepolitikken

Finansdepartementet gir i Kredittmeldinga 2002 ein fyldig omtale og vurdering av Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2002 og så langt i 2003. Ein slik utvida omtale av pengepolitikken blei varsla i samband med Ot.prp. nr. 81 (2002-2003) om endringar i sentralbankloven.

Noregs Banks operative gjennomføring av penge­politikken skal rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2^2 prosent. Av forskrifta følgjer det også at Noregs Bank i si rentesetjing skal medverke til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Forskrifta etablerer dermed eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. Dette blir også understreka av Noregs Bank i brevet til Finansdepartementet 17. september 2003 - Beretning om pengepolitikken 2003 – de første åtte månedene. Det vil i de fleste situasjonar være samsvar mellom omsynet til å stabilisere prisstigninga og omsynet til ein stabil utvikling i produksjon og sysselsetting. Dersom det oppstår konflikt, vil ein i skjønnsutøvinga i pengepolitikken måtte gjere ei avveging mellom disse to omsyna.

Finansdepartementet omtalar i kapitlet om finansiell stabilitet utviklingstrekk som påverkar soliditeten til finansinstitusjonane og det finansielle systemet som heilskap. Departementet peikar på at høg kredittvekst over fleire år gjer at gjeldsbelastninga no er relativt høg både for føretak og hushald. På den andre sida medverkar nedgangen i rentene til redusert rentebelastning i begge sektorar.

Vidare skriv departementet at bankane som gruppe er godt kapitaliserte. Soliditeten til livselskapa har blitt betra, men er framleis svak. Livselskapa har som følgje av dette ein avgrensa del av midlane sine plasserte i aksjar. Finansdepartementet peikar i meldinga på at kvart einskild livselskap sjølv må tilpasse risikoen til soliditetssituasjonen.