Historisk arkiv

Rune Selmar ny administrerande direktør i Folketrygdfondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

7/2004

Rune Selmar (44) er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Tore Lindholt. (30.01.2004)

Pressemelding

Nr.: 7/2004
Dato: 30.01.2004
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09 / mobil 91 32 28 11

Rune Selmar ny administrerande direktør i Folketrygdfondet

Rune Selmar (44) er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Folketrygdfondet etter Tore Lindholt. Selmar er utnemnd for ein periode på seks år. Han tiltrer i stillinga i byrjinga av april.

Selmar er no investeringsdirektør i Folketrygdfondet. Han er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule (NHH) og er òg autorisert fondsmeklar frå Bankakademiet og autorisert finansanalytikar frå NHH/NFF. Selmar begynte i Folketrygdfondet i 2001. Før det var han mellom anna direktør i Saga Securities og i Danske Securities.