Historisk arkiv

Enklare for studentsamskipnader å skaffe studentbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår ei lovendring.

Pressemelding

Nr.: 32/2001
Dato: 02.03.2001

Enklare for studentsamskipnader å skaffe studentbustader

I tråd med regjeringa sin solidariske bustadpolitikk foreslår regjeringa ei lovendring som gjer det lettare for studentsamskipnader å skaffe fleire studentbustader.

I ein odelstingsproposisjon foreslår regjeringa at kommunen kan bruke forkjøpsrett på vegne av studentsamskipnader når leigegardar blir omsett. Ein føresetnad er da at studentsamskipnaden hovudsakelig skal leige ut bustadene til studentar.

- Forslaget tek utgangspunkt i ei brei politisk semje om behovet for fleire studentbustader – og da særleg i dei største byane. Tradisjonelt har tilveksten av nye studentbustader skjedd ved nybygging. Slik regjeringa ser det er nybygging framleis viktig for å skaffe fleire studentbustader, men mangel på ubygde tomter kan likevel gjere dette vanskeleg. Omdisponering av leigegardar til studentbustader kan da vere ei løysing, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad seier vidare at fleire leigegardar sentralt i byane har små bustader som utan større kostnader kan byggjast om til studentbustader. For å gjere det lettare å få til slik omdisponering, og auke talet på studentbustader, foreslår regjeringa derfor å endre leigegardslova, slik at lova også kan brukast til fordel for studentsamskipnader. Brustad legg til at dersom det bur folk frå før i slike bustader, vil leigarane ha rett til å halde fram med leigeforholdet i tråd med husleigelova og eventuelle utfyllande leigekontraktar. I proposisjonen er det også understreka at studentsamskipnadene bør tillate opphavlege leigarar å halde fram med leigeforholdet etter at kontrakten har gått ut, dersom det vil verke urimeleg å avvikle leigeforholdet.