Historisk arkiv

Meir til ressurskrevjande brukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommuneproposisjonen 2004 (15.05.2003)

Pressemelding

Nr.: 74/2003
Dato: 15.05.2003

Kommuneproposisjonen 2004

Meir til ressurskrevjande brukarar

Regjeringa legg fram forslag til ny statleg toppfinansieringsordning for ressurskrevjande brukarar frå 2004. Staten vil løyve 300 millionar kroner meir til ressurskrevjande brukarar i kommunane. I alt 950 millionar kroner skal gå til kommunar med store utgifter til denne brukargruppa.

- Eg ønskjar ei toppfinansieringsordning som gjev mest til dei kommunane som har høgast utgifter til ressurskrevjande brukarar i høve til folketalet, seier kommunalminister Erna Solberg.

Med framlegget om 300 millionar kroner meir til ressurskrevjande brukarar i statsbudsjettet for 2004, kan toppfinansieringsordninga omfatte fleire ressurskrevjande brukarar og auke stønaden til den enkelte brukar.

Den gamle ordninga med midlar over skjønstilskotet til Kommunal- og regionaldepartementet blir avvikla. I staden blir det oppretta ein eigen post til toppfinansieringsordning.