Historisk arkiv

Utvida barnevernsamarbeid i Vest-Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

 Kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje har fått godkjent søknad om å utvide det eksisterande interkommunale samarbeidet om felles barnevernsteneste. Ordninga trer i kraft 1. april, og vil bli etablert som eit forsøksprosjekt som vil vare i fire år. (12.03.2004)

Pressemelding

Nr.: 31/2004
Dato: 12.03.2004

Utvida barnevernsamarbeid i Vest-Telemark

Kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje har fått godkjent søknad om å utvide det eksisterande interkommunale samarbeidet om felles barnevernsteneste. Ordninga trer i kraft 1. april, og vil bli etablert som eit forsøksprosjekt som vil vare i fire år.

Forsøket inneber at den interkommunale samanslutninga Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark vert ansvarleg for dei fleste oppgåvene som kommunane tidlegare har utført. Alle førespurnader til barneverntenesta skal rettast til hovudkontoret i Kviteseid kommune. Der vil ein formidle kontakt vidare til rett sakshandsamar. Slik skal barn, ungdom og pårørande framleis få møte barneverntenesta i den kommunen dei bur.

Føremålet med forsøket er å prøve ut ei felles organisering av tenestetilbodet for å styrke og utvikle barnevernet. Eit anna mål med forsøket er å rekruttere og halde på fagutdanna personale.

- Kommunane har satsa på å utvikle eit allereie godt barnevernsamarbeid for å finne enda betre løysningar på lokale utfordringar, og vi er godt nøgde med å kunne godkjenne eit slikt forsøksprosjekt, seier statssekretær Frank Jenssen i Kommunal- og regionaldepartementet.

- Regjeringa vil gjennom forsøksordningar gje kommunane moglegheit til å prøve ut nye forvaltningsløysningar som kommunane sjølve har tru på, seier statssekretæren vidare. - Prosjektet er eit ledd i Regjeringa si satsing på meir interkommunalt samarbeid gjennom forsøk. Samstundes er det eit tiltak for å utvikle nye metodar for å løyse offentlege oppgåver på ein betre måte for innbyggarane.