Historisk arkiv

Lokaldemokratikommisjonen har lagt fram NOU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 04.04.06

Lokaldemokratikommisjonen under Leif Johan Sevland si leiing la i dag fram si andre utgreiing NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken.

Pressemelding

Nr.: 28/2006
Dato: 04.04.2006

Lokaldemokratikommisjonen har lagt fram NOU

– Utgreiinga til Lokaldemokratikommisjonen bidrar med viktig kunnskap om lokaldemokratiet og utfordringane det står overfor. Ho viser at vi ikkje kan ta demokratiet for gitt, vi må dyrke det og arbeide for å styrke det, uttalar kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Lokaldemokratikommisjonen under Leif Johan Sevland si leiing la i dag fram si andre utgreiing NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken

No håper eg at høyringa vil bidra til at vi får gode prosessar lokalt og mange gode initiativ og idear, seiar statsråden.

Lokaldemokratikommisjonen viser at lokaldemokratiet har sterk støtte blant innbyggjarane og at lokalpolitikarane nyter høg tillit. Innbyggjarane viser høgare lokalt samfunnsengasjement enn før. Dei er meir aktive i kanalar utanom den representative kanalen. Mange kommunar legg til rette for at folk skal delta mellom val.

Men likevel er kommisjonen bekymra for den fallande valdeltakinga. Valdeltakinga i 2003 var den lågaste sidan 1922. Her utfordrar kommisjonen partia. Partia må å ta eit endå større ansvar for å engasjere innbyggjarane i partiarbeid. Det er partia som best kan sikre mest mogleg representative politiske organ, blant anna ved å setje kvinner og andre underrepresenterte grupper langt opp på vallistene. Partia kan stimulere til høgare engasjement og deltaking.

Utgreiinga skal ut på høyring med frist 1. oktober 2006, og vil munne ut i ei stortingsmelding våren 2007.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.