Historisk arkiv

Trygve G. Nordby ny direktør i Utlendingsdirektoratet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 193/2001
Dato: 21.12.2001

Trygve G. Nordby ny direktør i Utlendingsdirektoratet

Trygve G. Nordby blei i statsråd 21. desember 2001 tilsett som direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) for ein åremålsperiode på seks år. Nordby er 47 år, og har sidan september i år vore konstituert som direktør i UDI.

Nordby har brei erfaring frå utlendingsfeltet, og lang leiarerfaring. Han har vore generalsekretær i Flyktningerådet frå 1990 til 1997, han var rådmann i Oppegård kommune frå 1997 til 1998 og flyktningpolitisk rådgivar i OSSEs sendelag til Kroatia 1998-99. Frå 1999 og fram til han blei konstituert som direktør i UDI dreiv Nordby sjølvstendig konsulentverksemd, med oppdrag frå blant andre FNs Høgkommissær for flyktningar og den internasjonale Redd Barna-alliansen.