Dublin II-forordninga blir sett i verk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.08.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Dublin II-forordninga, som erstattar Dublin-konvensjonen, vil bli sett i verk 1. september 2003. (29.08.2003)
Pressemelding
Nr.: 125/2003
Dato: 29.08.2003
Dublin II-forordninga blir sett i verk
Dublin II-forordninga, som erstattar Dublin-konvensjonen, vil bli sett i verk 1. september 2003. Forordninga er tufta på dei same prinsippa som konvensjonen, og skal effektivisere prosedyrane og rette opp uklare forhold i konvensjonen. I den nye forordninga er fleire tidsfristar korta ned, og det å ikkje overhalde ein tidsfrist er no i større grad likestilt med å akseptere ansvar for å behandle asylsøknaden. I tillegg gir forordninga større rom for å halde familiar samla og betre vern for einslige mindreårige asylsøkjarar.
- Både konvensjonen og forordninga tek sikte på å hindre at asylsøkjarar blir sendt fram og tilbake mellom statar utan å få søknaden behandla, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. - Ein asylsøkjar har rett til å få søknaden behandla i éin stat, og konvensjonen og forordninga gir reglar for kva for ein stat som har plikt til å behandle saka.
Ansvaret for behandlinga av ein asylsøknad ligg etter begge regelverk på den staten som er mest å leggje til ansvar for asylsøkjaren si innreise eller opphald på området til medlemsstatane. Begge regelverk tek sikte på å forhindre misbruk av asylinstituttet ved at same person samstundes eller på ulike tidspunkt søkjer asyl i fleire medlemsstatar.
- Dublin II-forordninga tek sikte på å effektivisere prosedyrane for klarleggje kva for ein stat som er ansvarleg for behandlinga av ein asylsøknad, slik at realitetsbehandlinga av søknaden kjem raskare i gang, seier kommunalministeren. - Tidsfristane er i fleire tilfelle korta ned, og det er lagt inn fristar der det tidligare ikkje var nokon frist.
Vidare er sanksjonane skjerpa. Det å ikkje overhalde ein tidsfrist er no i større grad likestilt med å akseptere ansvar. Ei anna viktig endring, er at forordninga gir betre vern av retten til familieliv ved at reglane tek sikte på å oppnå at familiemedlemmer får behandla asylsøknadane sine i same stat. Vidare blir vernet av einslige mindreårige styrkt, ved at den staten kor eit familiemedlem har lovleg opphald, blir ansvarleg for behandlinga av søknaden, dersom dette er det beste for den mindreårige.