15 nye mål for inkludering av innvandrarar og etterkomarane deira i arbeids- og samfunnslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 238/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjettet 2006
15 nye mål for inkludering av innvandrarar og etterkomarane deira i arbeids- og samfunnslivet
Regjeringa set konkrete mål for inkludering av innvandrarar og etterkomarane deira i mellom anna arbeidslivet og på bustadmarknaden, i barnehagar og i utdanning. 15 nye, konkrete og målbare mål blir lagde fram i regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2006.
– Desse måla bringar oss eit steg vidare når det gjeld å sikre eit godt tenestetilbod til innvandrarar og etterkomarane deira, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Konkrete og målbare mål stakar ut kursen og gjer det mogleg å finne ut om vi når måla. Til kvart mål finst det indikatorar som skal gi oversyn over måloppnåinga.
Regjeringa sine mål er ambisiøse. Dei tek utgangspunkt i det overordna målet om like sjansar og rettar for alle i Noreg, og gjer det tydeleg kva det inneber på ulike politikkområde. Sjølv om måla har eit langsiktig tidsperspektiv, skal regjeringa allereie neste år leggje fram ein første rapport om måloppnåinga.
Stortingsmelding nr. 49 (2003-2004) Mangfald gjennom inkludering og deltaking – ansvar og fridom, viste at meir presise mål og ei tydelegare ansvarsdeling mellom styresmaktene er naudsynt for å gi inkluderingspolitikken gjennomslag i breidda. Dei nye måla er eit svar på dette. Sju ulike departement har ansvar for måla, og måla er omtalde i budsjettproposisjonane frå desse departementa. Eit eige vedlegg til Stortingsproposisjon nr. 1 (2005-2006) for Kommunal- og regionaldepartementet presenterar måla samla og gir eit oversyn over statusen.
Eit oversyn over måla finn du her.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.