Broen og den blå hesten forord
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kulturdepartementet
Brosjyre/veiledning | Dato: 31.05.1996
FORORD
Med handlingsplan for dei estetiske faga og kulturdimensjonen i skolen vil Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdeparte-mentet prøve å leggje tilhøva til rette for å styrkje samarbeidet mellom grunnskolen, nærmiljøet og kunst- og kulturinstitusjonane.
Det ligg store utfordringar i kulturinstitusjonane såvel som i skolen til å utvikle eksisterande og nye samarbeidsformer. Vidare er det viktig å setje i verk fellestiltak og formidlingsformer som kan aktivisere og stimulere barn og unge til eigen aktivitet og oppleving.
Skolen si rolle som kulturskapar og kulturformidlar er styrkt i dei læreplanane som no blir laga for skolen i framtida. I fylke og kommunar blir det drive ei rekkje kulturtiltak i og utanfor skolen. Ved å knyte dei ulike arenaene saman i eit forpliktande samarbeid, vil ein ha eit godt utgangspunkt for å skape eit meir heilskapleg oppvekstmiljø for barn og unge.
Vi ønskjer lykke til med det vidare arbeidet på lokalt nivå!
ÅSE KLEVELAND GUDMUND HERNES
statsrådstatsråd
Oppdatert 31 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen