Historisk arkiv

Forord rettleiing jordskiftesaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

Forord

Til lov om jordskifte av 22. desember 1950 blei det utarbeidd eit reglement for utføring av jordskiftesaker. Reglementet trådde i kraft 1. november 1951.

Jordskifteloven av 21. desember 1979 nr. 77 gjorde det nødvendig med ei ajourføring og ein del nye retningsliner for utføring av jordskiftesakene.

Dei nye retningslinene - som avløyste reglementet av 1951 - blei først gitt den 18. juli 1980. Departementet valde å kalle dei Rettleiing for utføring av jordskiftesaker. Når ordet rettleiing blei nytta istadenfor det tidlegare ordet reglement, så var det fordi det blei vurdert å gi einskilde av retningslinene som forskrift. Dette er det ikkje teke noko avgjerd om no heller, slik at også denne nye og ajourførte utgåva ber den same tittelen.

Departementet reknar med at det også heretter kan kome til å gå fleire år mellom kvar ny og oppdatert utgåve av denne rettleiinga. Brukarane må difor sjølve stå for ajourføring etter kvart.

Redaksjonen avslutta 21.01.1991.

Denne rettleiinga tek til å gjelde fra 1. mai 1991, samstundes som rettleiinga av 18. juli 1980 held opp å gjelde.

Landbruksdepartementet

Jordskiftekontoret

1. mars 1991