Historisk arkiv

Sjeldne naturtypar verna i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen i statsråd har i dag vedteke å verne 23 naturreservat og eitt plantefredingsområde i Møre og Romsdal. (08.11.02) Foto:Øivind Leren - Tressas utløp i Tresfjorden (Tresfjord)

Pressemelding

Dato: 08.11.02

Miljøvernminister Børge Brende:

Sjeldne naturtypar verna i Møre og Romsdal

Kongen i statsråd har i dag vedteke å verne 23 naturreservat og eitt plantefredingsområde i Møre og Romsdal. Formåleter å ta vare på dei stadig sjeldnare naturtypane havstrender og elveosar. Elveosar og deltaområde har i alle år vore utsett for store inngrep. I dag er det berre få nokolunde urørte elveosar att i Noreg. Dei mest verneverdige av desse ligg i Møre og Romsdal.

Todalselvas utløp i Vinjefjorden (Todal)
Foto: Øivind Leren - Todalselvas utløp i Vinjefjorden (Todal)

– Det er på høg tid vi tek vare på slike område med alle dei verdiane dei representerar, seier miljøvernminister Børge Brende.

Naturreservata som no er oppretta har eit stort utval av artar og naturtypar. Verdas nordlegaste sanddynelokalitet av sørleg type finn vi i Fræna kommune, ved utlaupet av Farstadelva. Europas nordlegaste sanddyner med større marehalmførekomst finst i Hjertvika i Aukra kommune, ogsørleg, varmekjær sanddynevegetasjon veks på Ristesundsanden i Sande..

Kalkrevjande orkidear i sjeldant strandlandskap veks på Molnes i Giske kommune. I Vesteinvika i Haram er det ei lang grus- og rullesteinstrand med ein av dei beste østersurt- og urakattførekonstane i fylket. Landskapet er i tillegg rikt på fornminne.

Nauste naturreservat tek vare på det største og mest intakte elvedeltaet i fylket. Deltaet har store strandengområde og landskapet er intakt.I Stranda kommune dannar utlaupet av Korsbrekkelva eit av dei to einaste attverande delvis intakte elvedelta inst i dei djupe Sunnmørsfjordane. Deltaområdet har eit rikt fugleliv og ei ålegraseng.

-Dette er vel verd å ta vare på for etterkomarane våre, seier miljøvernministeren.

Verneplanen er eit ledd i oppfølginga av St. meld nr. 68 (1980-81) ”Vern av Norsk natur”, som legg opp til at eit tverrsnitt av norsk natur skal vernast i medhald av naturvernlova. Etablering av særskilde verneområde etter naturvernlova er ein bærebjelke i arbeidet med å sikre det biologiske mangfaldet.

Havstrender gir spesielle naturtilhøve for planter og dyr på grunn av påverknad av bl.a. tidevatnet, klima og saltinnhald. Dette har gjeve ei rekke særeigne tilpassingar hos planter og dyr som lever i denne naturtypen. Elveosar er elvevatnet sitt møte med sjøvatn, noko som óg skapar ei større eller mindre sone med brakkvatn. Saman med elveosen sitt spesielle landskap, gir dette grunnlag for særeigne økosystem og eit rikt biologisk mangfald.

Ei rekke former av havstrender og elveosar er naturtypar som er trua eller som krev spesielle omsyn. Elveosar og deltaområda vore utsett for store inngrep og er stadig trua av nye inngrep. Det er mange store deltaområde i vest-Noreg. I dag er det berre nokre få nokolunde urørte delta att og dei mest verneverdige av desse ligg i Møre og Romsdal. Dette er bakgrunnen for denne verneplanen.

Botaniske kriteriar var viktigast da lokalitetar i denne verneplanen vart valt ut, men også zoologi, landskap/naturtype, geologi, geografisk fordeling og grad av inngrep vart brukt som kriteriar. I utforminga av vernereglar er det for mange av områda lagt særskild vekt på å regulere aktivitet som kan øydeleggje dei geomorfologiske verdiane som ein finn både på havstrand og i elveosar.

I fleire av områda er delar av areala nytta til husdyrbeite, mens det nokre stader også er oppdyrka areal. Mange av områda er sentrale landskaps- og identitetselement for bygdene det gjeld, og er derfor knytt til rekreasjon og friluftsliv. Andre interesser i verneområda er først og fremst er knytt til beiteareal og dyrka mark, naust- og båtplassar og uttak av sand og grus. I enkelte område er det også vist til interesser knytt til turistutbygging, meir intensiv ferdsel og oppdrett av østers.

- Gjennom prosessen er det og lagt vekt på å imøtekome dei behov som brukarane av områda har. Ein del restriksjonar må ein likevel legge for å ta vare på landskapet og sårbare plante- og dyresamfunn, slår miljøvernministeren fast.

Liste over verna havstrender og elvedelta.

1. Osen naturreservat i Molde kommune

2. Oltervågen naturreservat i Molde kommune

3. Ristesundsanden naturreservat i Sande kommune

4. Tjørvågosen naturreservat i Herøy kommune

5. Korsbrekke naturreservat i Stranda kommune (Korsbrekkelva)

6. Solnørvika naturreservat i Skodje kommune

7. Molnes naturreservat i Giske kommune

8. Vesteinvika naturreservat i Haram kommune

9. Tresfjorden naturreservat i Vestnes kommune (Tressa)

10. Vågstranda plantefredingsområde i Rauma kommune

11. Hensøran naturreservat i Rauma kommune (Heenselva)

12. Nauste naturreservat i Nesset kommune (Eira)

13. Ræstadtangen naturreservat i Midsund kommune

14. Hjertvika naturreservat i Aukra kommune

15. Langøyvågen naturreservat i Fræna kommune

16. Hustadbukta naturreservat i Fræna kommune

17. Farstadbukta naturreservat i Fræna kommune (Farstadelva)

18. Batnfjordsøra naturreservat i Gjemnes kommune (Batnfjordselva)

19. Høgsetleira naturreservat i Gjemnes kommune

20. Øksendalsøra naturreservat i Sunndal kommune (Usma)

21. Søysetøran naturreservat i Surnadal kommune (Søya)

22. Todalsøran naturreservat i Surnadal kommune (Todalselva)

23. Reitvågen naturreservat i Halsa kommune

24. Melland naturreservat i Aure kommune

Sjå og elvedeltabasen til Direktoratet for naturforvaltning.

Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør Pål Vidar Sollie, 22 24 58 77
Rådgivar Anita Myrmæl 22 24 58 97