Historisk arkiv

Nye grenser for Amdam naturreservat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen i statsråd har i dag vedtatt ei endring i fredingsforskrifta for Amdam naturreservat i Møre og Romsdal. Endringa inneber nye grenser redusert areal. (13.06.03)

Pressemelding

Dato: 13.06.03

Miljøvernminister Børge Brende:

-Nye grenser for Amdam naturreservat

Kongen i statsråd har i dag vedtatt ei endring i fredingsforskrifta for Amdam naturreservat i Møre og Romsdal. Endringa går ut på at naturreservatet har fått nye grenser. Gjennom grenseendringa er det freda arealet blitt redusert.

- Arealet som er igjen etter endringa er tilstrekkeleg til at det landsdekkjande nettet av verneområde etter naturvernlova tar vare på ein av dei nordlegaste førekomstane av kristtorn, seier miljøvernminister Børge Brende.

Amdam naturreservat ligg i Ørskog kommune i Møre og Romsdal og vart oppretta 13. oktober 2000 som ein del av verneplan for barlind og kristtorn på Vestlandet. Formålet med naturreservatet er å sikre eit naturmiljø med kristtorn som her er på grensa av naturleg utbreiing.

Gjennom grenseendringa er naturreservatet sitt areal blitt redusert frå 63 dekar til 24 dekar, og det freda arealet er no delt i to område. Dei areala som er tatt ut av naturreservatet, inneheld lite av høgt prioriterte verneverdiar.

Spørsmålet om endring av forskrifta for Amdam naturreservat var på høyring lokalt og sentralt i september 2002.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Pål Vidar Sollie, telefon 22245877

Nytt vernekart for Amdam naturreservat:

Nytt vernekart, Amdam naturreservat