Historisk arkiv

Miljøkrav til produkt — ein jobb for marknaden eller styresmaktene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Tale av miljøvernminister Knut Arild Hareide på GRIP forum 2005 - "Miljøomsyn i offentlege verksemder", Oslo Radisson SAS Plaza Hotell, 26. april 2005

Miljøkrav til produkt – ein jobb for marknaden eller styresmaktene

Kjære alle saman!

Først vil eg seie at eg er glad for å vere her på ”GRIP forum”. Å ta omsyn til miljø i offentlege verksemder er eit svært viktig arbeid! Eg veit at mange av dykk allereie har mykje erfaring med å stille miljøkrav til produkt. Andre av dykk er i startgropa, og er komne hit for å lære meir om mulegheitene og utfordringane knytt til miljøomsyn ved innkjøp i offentleg sektor.

Berre for nokre veker sidan vart eg på nytt mint om kor viktig dette arbeidet er. Eg fekk ein førespurnad om kvifor ikkje statlege verksemder kjøper miljøvennleg og resirkulert papir til mellom anna konvoluttar og trykksaker. Hurum fabrikker som produserer slikt papir har hatt vanskar med å nå ut til den statlege marknaden. Resirkulert papir er eit godt og miljøvennleg alternativ, og tilfredstiller funksjonen som desse produkta skal gi. Det er klart at dersom næringslivet skal utvikle og produsere miljøvennlege produkt, må det også vere ein etterspurnad.

Offentleg sektor med sitt samla innkjøpsbudsjett på nær 240 milliardar kroner, er sjølvsagt ein svært viktig aktør i marknaden! Ein aktør som medfører miljøkonsekvensar og ein aktør som har stor forbruksmakt! Den makta må vi utnytte til å få eit meir berekraftig forbruk!

Miljøproblema vi står overfor i dag er store og urovekkjande. For vel ein månad sidan fekk vi ein ny og alvorleg FN-rapport om jordas miljøtilstand. Rapporten viser at dei seinaste 50 åra har menneskja endra økosystema raskare og meir ekstremt enn i nokon annan periode ein kan samanlikne med. Store naturverdiar er i ferd med å gå tapt. Med mindre vi snur utviklinga vil viktige økosystem som skog, jord, hav og ferskvatn vere i fare.

Vi veit at vårt bidrag til desse miljøproblema kan ha uopprettelege konsekvensar. Ein tapt art - er tap for alltid. Miljøgifter som kvikksølv, bromerte flammehemmarar og PCB blir brotne ned svært sakte i naturen. Dei hopar seg opp i næringskjedene, og dei trugar produksjon av rein mat, reint drikkevatn og rein luft.

Produksjons- og forbruksmønsteret vårt er i siste instans årsak til desse miljøproblema - produksjon, transport, bruk og avhending av produkt. I løpet av mi levetid har verdas befolkning vakse med femti prosent. I foreldra mine si levetid har internasjonal handel vakse over tjue gonger. I dag er vi midt i ein "forbruksrevolusjon". Dessverre kan ikkje økosystema tåla denne belastninga. Det produksjons- og forbruksmønsteret vi har i dag truar livsgrunnlaget for oss sjølve, medmenneskja våre i fattige land og etterkomarane våre. Det hastar difor med å komme over på eit nytt spor!

I arbeidet med å løyse desse store utfordringane trur eg det er ein viktig hugseregel:

Berre ved at alle medverkar – er det mogleg å løyse utfordringane!

Problema krev handling på alle nivå. I offentleg sektor og i privat sektor. Blant kundane og produsentane. I internasjonalt samarbeid og i lokalsamfunna.

I dag ser vi nærare på dei mulegheitene som finst i offentlege verksemder – i kommuneadministrasjonane, i statlege etatar og offentlege selskap – til å vere med og skapa eit forbruksmønster som denne kloden kan bere.

Samspel mellom styresmakter og marknad

Før eg seier meir om dykkar rolle og det arbeidet som de står overfor, vil eg seie litt om mi eiga rolle som miljøvernminister – styresmaktene si rolle . Politikken min er sjølvsagt ikkje å overlate løysninga av miljøproblema til marknaden åleine - til dykk som kundar på marknaden. Mi rolle som miljøvernminister er å gi marknaden rammer som legg til rette for at vi kan nå målet om ei berekraftig utvikling. Gjennom juridiske, økonomiske og frivillige verkemidlar vil eg leggje rammer som stimulerer marknaden til å bli meir miljøvennleg. Styresmaktene si rolle er også å få i stand ambisiøse internasjonale og globale miljøavtalar, berekraftige handelsavtalar og miljøretta bistandsarbeid. Ambisjonen min er at Noreg skal bli enda betre på desse områda.

I stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som eg nylig la fram, varsla vi fleire nye til­tak. Blant anna å utgreie forbod mot bruk av miljøgifter i produkt retta mot private forbrukarar, ei opptrapping av målet om gjenvinning av avfall frå 75 til 80 prosent, og ei satsing på miljø­tekno­logi.

Det som er min bodskap til dykk - er at regulering frå styresmaktene ikkje er nok. Eit samspel mellom styring og marknad er nødvendig for å løyse miljøproblema.

Marknaden må aktivt følgje opp utfordringane! Næringslivet må vere innovativt og tilby nye og meir miljøvennlege produkt. Kundane må vere medvitne miljøkonsekvensane av sine val og dei må stille miljøkrav til produkta dei kjøper. Her synest eg statlege verksemder har eit særleg ansvar.

Det nytter å ta miljøomsyn

Det finst allereie i dag ei rad miljøvennlege produkt og løysingar på marknaden. Til dømes vil ein innkjøpar av PC kunne velje mellom ei rekkje forskjellige produkt som gir ulik miljøbelastning. Energiforbruk, innhald av farlege stoff og mulegheiter for oppgradering eller gjenvinning varierer i stor grad. I fjor vart det omsett PCar for over 6,5 milliardar norske kroner. Dersom innkjøparane vel dei mest miljøvennlege alternativa blir kloden spart for vesentlege miljøbelastningar.

Hybridbilen er eit døme på ny og meir miljøvennleg bilteknologi. Hybridbilen kombinerar elektrisk motor og bensinmotor. Samanlikna med tilsvarande tradisjonelle bilar medfører hybridbilen mellom anna 40 prosent mindre utslepp av CO2, og 60 prosent mindre utslepp av NOx. Bilen gir også lågare kostnadar til drivstoff. Transportøkonomisk institutt har regna ut at dersom alle personbiler i Noreg var hybridbilar ville Noreg blir spart for 1,5 mill tonn CO2 pr år. Dette tilsvarar 1,4 gasskraftverk på Kårstø.

Dette er to enkle døme. Men for nesten alle produkt finst det ulike løysingar som er meir eller mindre miljøvennlege. Det som er viktig er at de som kundar er medvitne om miljøkonsekvensane av vala, og at de vel miljøvennlege løysingar der det er mogleg.

Mange eksempel viser også at verksemder tener på å velje miljøvennlege løysingar. Vi har fleire gode eksempel på dette frå statlege verksemder som deltek i prosjekt Grøn stat.

  • Forsvarsbygg auka innkjøp av miljømerka produkt frå 18 prosent til 45 prosent på eit og eit halvt år. Dei reduserte kjemikaliebruken med 46 tonn, og samtidig sparte dei over 25 millionar kroner.
  • Forsvaret gjer stor bruk av videokonferansar i den interne og eksterne møteverksemda si. Auka bruk av videokonferansar var eit krav frå forsvarssjefen da han tiltredde i 1999. I løpet av to år reduserte Forsvaret sitt netto reisebudsjett med 75 millionar kroner.
  • Utlendingsnemnda reduserte energiforbruket med 20 prosent og sparte 200.000,- kroner.

Dette er nokre enkle eksempel som viser at offentlege verksemder har eit stort potensial til å bli meir miljøvennlege innanfor gjeldande rammer, samtidig som det også lønner seg.

Ved å stille miljøkrav til produkta, vil offentlege verksemder redusere miljøbelastinga av si eiga drift. I tillegg vil marknaden for miljøvennlege produkt bli større og prisane på desse produkta kan gå ned. Miljøkrav frå offentlege verksemder kan også fremme innovasjon av meir miljøvennlege produkt og auka miljøinformasjon i marknaden. Dette legg grunnlaget for ein positiv spiral.

På den internasjonale marknaden kan miljøkrav frå offentlege verksemder spela ei viktig rolle med å fremje meir miljøvennleg produksjon også i andre land. Som de kanskje veit kjenner miljøproblema ingen landegrenser. Mindre utslepp i andre land vil også komme oss sjølve og våre etterkommarar til gode – i tillegg til at det hjelper befolkninga i utviklingslanda som strir med store miljøproblem.

Kva har vi gjort for å legga til rette?

På FNs verdskonferanse for miljø i 1992 vart verdas regjeringar oppfordra til å vise leiarskap gjennom offentlege innkjøp, og å legge til rette for at forbrukarar og hushald kan ta riktige miljøval.

Dette er 13 år sidan, og i løpet av denne perioden har det skjedd mykje som legg eit godt grunnlag for dette arbeidet. Dei nordiske landa oppretta allereie i 1989 ei miljømerkeordning vi i dag kjenner som Svanemerket. I dag har vi fleire miljøkriterium og fleire miljømerka produkt enn nokon gong. Ein ny miljøinformasjonslov som sikrar forbrukarar rett til informasjon om miljøkonsekvensane til produkt og verksemder er også vedtatt.

Regelverket legg også no til rette for miljøomsyn ved offentlege innkjøp. I Noreg har vi hatt eit pålegg om miljøomsyn i fleire år i "Lov om offentlige anskaffelser". Regelverket krev at det skal takast omsyn til livssykluskostnader og miljømessige konsekvensar ved planlegging av offentlege innkjøp. Nærings- og handelsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar som skal hjelpe verksemdene å bruke dette regelverket. Andre land har tilsvarande krav til miljøomsyn i sitt regelverk. Også i EU er det blitt ei ny haldning på dette området. Dei nye innkjøpsdirektiva som trer i kraft i 2006 klargjer ønsket og mulegheitene for å ta omsyn til miljø. EU har også utarbeidd ei handbok for miljøomsyn ved innkjøp.

Er vi dermed i mål? Vi har stilt krav gjennom lovverket. Vi har satt temaet i fokus, og det kan visast til gode eksempel der miljø og økonomi går hand i hand.

Kompetansebehov

Eg trur at vi no i stor grad har lagt til rette for meir miljøomsyn i offentlege innkjøp. No er utfordringa dykkar. No må de gje eit bidrag for å få produksjons- og forbruksmønsteret inn på eit berekraftig spor. Eg veit at dette er eit krevjande arbeid og at det er stort behov for auka kompetanse. Eg har derfor teke initiativ til å gi fleire ressursar til dette.

GRIP senter skal vere kompetansesenter for offentlege verksemder. Dei vil legge til rette for at offentlege verksemder er kjende med miljøkrava i innkjøpsregelverket, og har kompetanse til å bruka dette. Dei vil synleggjere erfaringar og mulegheiter, og dermed legge til rette for at det blir enklare for offentlege verksemder å stille dei konkrete miljøkrava i praksis. Eg vil oppmode dykk alle til å bruke dette tilbodet.

Eg vil også sette ned eit panel for offentlege innkjøp som kan gje Miljøverndepartementet råd om kva meir som bør gjerast for å fremje miljøomsyn ved offentlege innkjøp.

Eg følgjer og aktivt opp arbeidet med prosjekt Grøn stat der innkjøp er eit av satsingsområda. Grøn-stat prosjektet, som sikkert mange av dykk er involvert i, skal avsluttast i 2005. Resultata så langt viser at mange er godt i gang med å innføre eit miljøleiingssystem i drifta, og kan vise gode resultat. Andre har enno ein stor jobb igjen å gjere. Frå Miljøverndepartementet si eiga drift kan eg seie at vi no er i gang med å sertifisere oss etter det globale miljøleiingssystemet ISO 14001. Også i arbeidet med Grøn stat har eg gjeve GRIP senter ressursar slik at dei kan vere eit kompetansesenter og ei støtte for dykk som arbeider med dette i praksis.

Både arbeidet med Grøn stat, grønare kommunar og offentlege innkjøp er komplekst og krev omstilling både i organisasjonen, i verdiar, og i kompetanse. Det er likevel eit heilt nødvendig arbeid. Eit arbeid som vil støtte opp om styresmaktene sine tiltak for eit meir berekraftig samfunn. Eit samfunn som tek omsyn til dei økologiske systema, og som sikrar livsgrunnlaget for medmenneskje i fattige land og for våre etterkommarar.

Eg trur omstillingsprosessen de er i gang med vil bere store frukter, både for miljøet, for samfunnet og for kvar einskild verksemd.

Eg ønskjer dykk lykke til vidare på konferansen!