Historisk arkiv

Sammendrag av tilstandsrapport 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Sammendrag av tilstandsrapport 2004

Tilstandsrapport 2004 – Eit enklare Noreg: Forenkling og tilrettelegging for næringslivet

80 prosent av dei 108 skisserte enkelttiltaka innafor Eit enklare Noreg er ved utgangen av 2004 gjennomførte eller i arbeid. Tilstandsrapporten viser at det har vore ein god framgang i arbeidet frå i fjor. Det primære målet framover er å finne og gjennomføre tiltak som betyr noko for næringslivet i praksis, men NHD peiker på at det alltid er rom for å bli betre.

Vi veit at norsk næringsliv bruker om lag 6500 årsverk på å oppfylle innrapporteringspliktene overfor det offentlege. Dette er høge tal, men det viser seg at langvarig fokus på forenkling gjev resultat. Sidan Oppgåveregisteret vart oppretta i 1998 er belastninga for næringslivet når det gjeld statlege skjema redusert med heile 15 prosent. Det betyr at tida ein næringsdrivande i snitt bruker på å rapportera til statlege styresmakter har gått ned frå 41 timar i året i 1998 til 35,1 timar i 2003. Eit langt steg i rett retning!

Brende oppsummerer nokre av tiltaka som er sette i verk det siste året:

  • Altinn – ein felles kanal for innrapportering frå næringslivet til staten er sett i drift. Totalt er over 2 millionar skjema registrerte, noko som er eit svært bra resultat. Bruken av Altinn til mva-innlevering aukar for kvar termin, i august vart om lag 34 prosent av oppgåvene leverte elektronisk.
  • Som næringsdrivande kan du no få skatteattest frå både skatteoppkrevar og skattefuten ved å vende deg til berre ein av etatane
  • All offentleg forvaltning, inkl. kommunesektoren, er pålagde å bruke grunndata frå Einingsregisteret
  • Elektronisk innrapportering for petroleumssektroen er etablert
  • Omfattande forskriftssamordning på forureiningsområdet: Totalt er 50 forskrifter erstatta av tre samleforskrifter om avfall, produkt og forureining.
  • Regelverket for utskifting og eigarendringar av fiskefartøy er modernisert.
  • Ny bokføringslov er vedteken i Stortinget.
  • Modernisert innkjøpsfunksjon i Forsvaret, blant anna nytt regelverk og innføring av innkjøpskort.
  • Orakel – ei gruppe for betre konsekvensjusteringar er fast etablert. Dette er eit viktig arbeid, sjølv om det ikkje merkast for den enkelte næringsdrivande. Men dette arbeidet skal på sikt sikre at næringslivet unngår både ein del ”plunder og heft”-regelverk og unødige belastningar.

Næringsdepartementet har dessutan nettopp etablert Forenklingskanalen (www.forenklingskanalen.no), ei nettside der næringslivet kan kome med tips til korleis regelverk og andre tenester kan gjerast betre. Brukarmedverknad er også eit av satsingsområda i tilstandsrapporten. Det er behov for meir systematisk medverknad frå brukarane i næringslivet, og også medverknad tidlegare i prosessane enn i dag.

Forenkling og tilrettelegging er ei næringspolitisk hovudsak for regjeringa, som i 2002 la fram handlingsplanen Eit enklare Noreg. Børge Brende seier at denne satsinga er heilt nødvendig for å sikre konkurranseevna og den framtidige verdiskapinga her i landet.

Ein fersk rapport frå Verdsbanken rangerer Noreg på 6. plass blant 145 land når det gjeld næringslivsklima, framfor både Sverige, Danmark og Finland. Rapporten tar utgangspunkt i 28 prinsipp for godt næringslivsklima. Regjeringa vil gå igjennom desse, og finna ut korleis Noreg kan bli enda betre.

Målet om auka verdiskaping kan nåast på fleire måtar, til dømes gjennom etablering i nye marknader, innovasjon og kutt i kostnader. Men også godt tilpassa regelverk, reduserte krav til offentleg innrapportering frå næringslivet og brukarvenlege offentlege tenester er viktige delar av rammeverket som påverkar verdiskapinga.

Regjeringa vil det neste året satse spesielt på desse områda:

  • Innrapporteringssystemet Altinn skal utvidast til å bli ein fullverdig, felles inngangsportal til alle elektroniske tenester frå det offentlege. Elektronisk signatur skal takast i bruk i Altinn i 2005. Dette vil verte eit lokomotiv i arbeidet for å utvide bruken av e-signatur mellom næringslivet og det offentlege, og i næringslivet generelt. Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vere leiande når det gjeld å tilby elektroniske tenester frå det offentlege.
  • Jobbe med konkrete forenklingar av det norske regelverket. Målet for forenklingsarbeidet er å bidra til at norsk næringsliv kan bruke meir av tida på verdiskaping og mindre på administasjon og utfylling av offentlege skjema. For å oppnå dette må det offentlege tilby næringslivet eit godt regelverk og tenester som er brukarvenlege.
  • Betre kartleggjing av kva forenklingsarbeidet har å seie for den enkelte næringsdrivande. Regjeringa har teke i bruk ein ny målemetode for å kartleggje dei administrative byrdene til næringslivet, den såkalla standardkostnads-metoden. I år er metoden brukt på mva-regelverket, neste år skal vi måle 3-4 nye regelverksområde. Då vil blant anna HMS-området bli målt og truleg også fleire avgiftsområde. Denne målemetoden vil ikkje berre talfeste næringslivets administrative byrder, men skal gi grunnlag for å finne område med størst forenklingspotensiale. Vidare vil desse målingane vere nyttige både for meir samanlikning internasjonalt og for å sjå belastningsutviklinga over tid.
  • Kartleggje om EØS-regelverket kan verte enklare. EU satsar mykje på forenklings- og tilrettelegginsområdet (Better Regulation)– som ein del av arbeidet med Lisboa-strategien, der målet er å betre konkurranseevna. For Noreg sin del er det blant anna eit forenklingspotensiale når det gjeld statistikk som skal innrapporterast til EU. Noreg skal delta aktivt i EUs regelforenklingsarbeid, ved å kome med konkrete innspel til kva område som har størst behov for forenkling. Første kartleggingsrunde skal vere gjennomført første halvår 2005.

I tillegg til hovudsatsingsområda har den nye tiltaksplanen i alt 111 konkrete tiltak som det skal arbeidast med framover, blant anna:

  • Kartleggje forbetringsområde på grunnlag av internasjonal samanlikning: På grunnlag av rapporten Doing business in 2005: Removing Obstacles to Growth, som samanliknar situasjonen i 145 land, skal vi kartleggje på kva område det er potensiale for forbetring. Kartlegginga skal gjennomførast første halvår 2005.
  • Revisjon av regelverket for offentlege anskaffingar: Målet er eit enklare og meir brukarvenleg regelverk for offentlege anskaffingar, eit regelverk som skal gi betre reell konkurranse og sikre best mogleg ressursbruk. Arbeidet skal vere gjennomført innan januar 2006.
  • Oppfølging av målinga av mva-regelverket: Målet er å få eit regelverk som er enklare og meir brukarvenleg. Resultata av målinga av dei administrative byrdene ved regelverket skal gjennomgåast for å sjå kva regelendringar som vil gje størst reduksjon i byrdene og for å følgje opp forenklingsforslaga i rapporten. Skal vurderast i løpet av 2005.
  • Fremje kultur for IT-tryggleik: Målet er å redusere/hindre omfanget av søppel-epost (spam) til alle sluttbrukarar, også næringslivet, gjennom informasjon om og ein kampanje for å fremje ein kultur for å sikra IT-tryggleiken. Ei ny nettside skal vere ferdig i løpet av 2004.
  • Etablere brukarråd for arbeidsgjevarar sentralt og lokalt i Aetat: Målet er å få til betre samhandling med næringslivet og betre service. Brukarråda skal m.a. vere med og sikre at Aetat har oppdatert kunnskap om næringslivet, slik at opplæringstilbodet frå etaten kan tilpassast behovet.
  • Bruk av elektronisk innrapportering og betre gjenbruk av informasjon, for slik å lette kvardagen for rekneskapsførarane.
  • Bruk av det nye verktøyet web-tenester frå Einingsregisteret for gjenbruk av foretaksdata, for slik å forenkle innrapporteringa og betre kvalitetet på informasjonen i m.a. Skipsregistra og i Kreditttilsynet.
  • Nettbasert tidteneste frå Justervesenet, slik at interesserte brukarar kan få enkel tilgang til tidssignal som er tilstrekkeleg pålitlege.
  • Forenklingar på ei rekkje regelområde som gjeld ressurar innan fiskeri -og oppdrettsnæringa.

Tiltaksplanen er omfattande, og svært variert. Dette viser både kor samansett arbeidet med forenkling og tilrettelegging for næringslivet er, og kva breidde det er – og må vere – i dette arbeidet.