Historisk arkiv

Utnemning i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 133/01
Dato: 26.10.2001

Kontaktperson:Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utnemning i Olje- og energidepartementet

I Statsråd i dag vart Lars Erik Aamot utnemnd til avdelingsdirektør i Olje- og energidepartementet.

Lars Erik Aamodt, 33 år, er cand. oecon. frå Universitetet i Oslo frå 1996. Han skal arbeide som leiar for Seksjon for økonomiske analysar i Petroleumsavdelinga.

Aamodt har gjort teneste i Miljøseksjonen i Olje- og energidepartementet i perioden 1996 - 2000. Han har etter dette vore tilsett i Statkraft som seniorøkonom og i Norsk Hydro som senior investeringsanalytikar.