Historisk arkiv

Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 75/02
Dato: 28.06.2002

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag vart rådgjevar Maryann Solås utnemnd til underdirektør i Olje- og energidepartementet.

Maryann Solås (33 år) er sosialøkonom frå Universitetet i Oslo. Ho har vore tilsett i Olje- og energidepartementet sidan november i 1997.

Solås skal gjere teneste som leiar av Oljeeininga i Oljeseksjonen i Utvinnings- og marknadsavdelinga.