Fornya reguleringskonsesjon for Numedalslågen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 21.12.2000 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 92/00
Dato: 21.12.2000
Kontaktperson: Ingvild T. Haug 22 24 61 09
Fornya reguleringskonsesjon for Numedalslågen
Regjeringa har i dag lagt fram ein proposisjon til Stortinget om fornya konsesjon for Numedals-Laugens Brugseierforening for vidare regulering av Numedalslågen. Den nye konsesjonen skal erstatte tidlegare konsesjon som vart gjeven i 1914.
Numedalslågen har vore regulert i lang tid. Verksemda i vassdraget har i stort mon tilpassa seg reguleringa. Regjeringa har likefullt i sitt framlegg tatt inn pålegg i dei nye konsesjonsvilkåra slik at skadeverknadene vert redusert eller kompensert for.
- Det var viktig for regjeringa å få til ein balanse mellom dei ulike brukarinteressene i vassdraget. For kommunane nedest i vassdraget er omsynet til laksen viktig, mens omsynet til friluftsliv og turisme veg tungt for magasinkommunane. Eg meiner vi har balansert dei ulike interessene på ein god måte i det nye manøvreringsreglementet, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.
Regjeringa rår til at næringsfond på i alt 45 millionar kroner vert gjeve til magasinkommunane for å bøta på skadar og for å gi kommunane del i verdiskapinga. Det er foreslått følgjande fordeling:
Nore og Uvdalkr 32 500 000
Rollagkr 5 000 000
Flesbergkr 3 500 000
Hol kr 3 250 000
Eidfjordkr 500 000
Ullensvangkr 250 000
Numedalsågen er eit viktig vassdrag for kraftproduksjon, og samla kraftutvinning i vassdraget utgjer om lag 2 900 GWh per år.