Konsesjon for kraftutbygging i Øvre Otta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 08.06.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 70/01
Dato: 08-06.2001
Kontaktperson:Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Konsesjon for kraftutbygging i Øvre Otta
Regjeringa har i dag gjeve konsesjon etter vassressurslova til Opplandskraft DA og Tafjord Kraftproduksjon AS for å byggja kraftverka Framruste og Øyberget i Øvre Otta-vassdraget i Skjåk kommune. Vassdraget har vore regulert sidan 1940-talet. Dette prosjektet nyttar det eksisterande reguleringsanlegget i Raudalsvatn.
Dei to kraftverka vil til saman produsera om lag 525 GWh i året.
Konsesjonssaka er ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak i juni 1999 om ei redusert utbygging i høve til den opphavelege søknaden.
- Denne saka er eit godt døme på eit relativt stort kraftprosjekt som ikkje grip for mykje inn i urørt natur, men der ein tvert om nyttar eit eksisterande anlegg på ein god måte. Eg er òg nøgd med at prosjektet vil gje så mykje som 525 GWh ny kraft i året, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.
Regjeringa har bestemt at Skjåk kommune skal ha eit næringsfond på 5,5 millionar kroner for å bøta på skader og for å gje kommunen del i verdiskapinga.