Historisk arkiv

Utnemningar i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 96/01
Dato: 31.08.2001

Kontaktperson:Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utnemningar i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag 31.8.01 vart avdelingsdirektør Gunnar Gjerde og avdelingsdirektør Villa Kulild begge utnemnde til ekspedisjonssjefar i Olje- og energidepartementet, med tiltreding frå det tidspunkt departementet avgjer.

Gunnar Gjerde (58 år) vil leia Utvinnings- og markedsavdelinga. Han er cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1969. Han har vore ansatt i Industridepartementet/Olje- og energidepartementet sidan 1973. Frå mai 2001 har Gunnar Gjerde fungert som leiar av Olje- og gassavdelinga.

Utvinnings- og marknadsavdelinga vil få ansvar for utforming av leitepolitikk og tildeling av utvinningslisensar, oppfølging av utbygging, drift og produksjonsavslutning av olje- og gassfelt, samt marknadsspørsmål som er knytt til olje og gass.

Villa Kulild (37 år) vil leia Petroleumsavdelinga. Ho er siv.øk. fra NHH i 1987. Ho har vore ansatt i Olje- og energidepartementet sidan 1987. Kulild har dei siste to åra vore energiråd ved ambassaden i Washington D.C.

Petroleumsavdelinga vil få ansvar for juridiske spørsmål og økonomiske analysar knytt til aktiviteten på kontinentalsokkelen, miljøspørsmål, utviklinga av norsk olje- og gassindustri, internasjonalisering av petroleumsretta industri, samt oppfølging av staten sine økonomiske interesser i petroleumssektoren.