Historisk arkiv

Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 103/01
Dato: 14.09.2001

Kontaktperson: Ingvild T. Haug, 22 24 61 07

Ny underdirektør i Olje- og energidepartementet

I statsråd i dag blei seniorrådgjevar Wencke Langlie utnemnd til underdirektør i Olje- og energidepartementet.

Wencke Langlie (41) er cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Ho har vore ansatt i Olje- og energidepartementet sidan 1986. Wencke Langlie skal gjere teneste ved Vassdragsseksjonen i Energi- og vassdragsavdelinga.