Flyruter Mexico - Noreg: Mexicana får konsesjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.09.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Det meksikanske flyselskapet Mexicana har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyruter mellom Mexico og Noreg. Konsesjonen gjeld fram til 28. september 2006. (28.09.01)
Pressemelding
Nr.: 97/2001
Dato: 28.09.01
Flyruter Mexico – Noreg: Mexicana får konsesjon
Det meksikanske flyselskapet Mexicana har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyruter mellom Mexico og Noreg. Konsesjonen gjeld fram til 28. september 2006.
Selskapet vil trafikkere rutene i samarbeid med SAS. Mexicana kjem ikkje sjølv til å fly til Noreg, men Mexicana og SAS vil utveksle passasjerar i New York. Dessutan vil kode- og rutenummera til Mecicana vere å finne på rutesamband som SAS har mellom New York og Oslo. Med eit slikt opplegg kan Mexicana marknadsføre Oslo som eit eige reisemål i sitt rutenett, og selje eigne billettar for heile strekninga Mexico – New York – Oslo.