Historisk arkiv

Kompensasjon til bussdrift: Fire fylkeskommunar får etterbetalt til saman 10,8 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 26/02
Dato: 22.03.02

Kompensasjon til bussdrift: Fire fylkeskommunar får etterbetalt til saman 10,8 millionar kroner

Fire fylkeskommunar vil få etterbetalt til saman 10,8 millionar kroner i samband med at Samferdselsdepartementet på nytt har gjennomgått fordelinga av kompensasjon for at busstrafikken i 1999 fekk oppheva sitt fritak for autodieselavgifta. Denne etterbetalinga gjeld år 2000 og har samanheng med endring i kriteria for fordelinga av kompensasjonen.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag frå regjeringa om ein del endringar i statsbudsjettet for 2002. I orienteringa blir det elles varsla at sjølve forslaget om å løyve etterbetalinga til fylkeskommunane vil komme seinare i vår, i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2002.

- Denne kompensasjonen vil gi eit meir rettferdig oppgjer for dei fire fylkeskommunene og vil vere med på å styrkje kollektivtilbodet i fylka, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Beløpet på 10,8 millionar kroner skal fordelast slik:

5,4 millionar kroner til Hordaland
3,6 millionar kroner til Troms
1,5 millionar kroner til Telemark
0,3 millionar kroner til Vestfold



Til redaksjonen

For nærmare opplysningar – sjå St.prp. nr. 50 (2001-2002) ”Om løvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område”