Historisk arkiv

Tryggare og betre riksveg gjennom Setesdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 22/02
Dato: 22.02.03

Tryggare og betre riksveg gjennom Setesdal

Regjeringa går inn for å framskunde arbeidet med å byggje ut riksveg 9 til tofelts veg på heile strekninga gjennom Setesdal i Aust-Agder. Vegprosjektet, som også omfattar ein del miljø- og trafikktryggingstiltak i området, har ei kostnadsramme på i alt 206 millionar kroner. Prosjektet skal finansierast ved hjelp av løvingar over statsbudsjettet, innkrevjing av bompengar og ved lokale tilskot, går det fram av eit forslag som blei lagd fram i statsråd i dag.

- Utbygginga vil vere med på å redusere talet på trafikkulykker og vil elles føre til at trafikken kjem lettare fram. Det er lange avstandar i Setesdal, og eit godt og trygt vegnett er viktig for folk og næringsliv i området, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Utbetringa til to felt skal skje på fleire delstrekningar mellom Skomedal i Bygland og Hovden i Bykle. I dag står det igjen i alt 58 kilometer som ikkje er tofelts veg. Utbetringa av vegen vil, med få unntak, følgje eksisterande veg og omfatte utbetring av kurvar og breiddeutviding til 7,5 meter. I tillegg blir det sett av inntil 22 millionar kroner til miljø- og trafikktryggingstiltak i områda Moisund, Evje nord, Byglandsfjord og Harstadberget. I dette beløpet inngår også tilbakebetaling av 4 millionar kroner til Valle kommune for forskottering av gang- og sykkelveg på strekninga Rysstad Sør – Rysstad, som blei bygd i 2000.

Det er lagt til grunn ei kostnadsramme på 206 millionar kroner for heile prosjektet. Av dette skal nær 69 prosent finansierast ved hjelp av bompengar, 14 prosent skal dekkjast ved statlege midlar og 17 prosent blir finansiert ved lokale tilskot.

I forslaget frå regjeringa blir det vist til at Aust-Agder fylkeskommune har gitt si tilslutning til planar og opplegg for utbygging og finansiering av vegprosjektet. Kommunane i området er også positive til å nytte bompengeinnkrevjing for å finansiere og framskunde arbeidet med å utbetre riksveg 9 gjennom Setesdal, går det fram av forslaget frå regjeringa.

Til redaksjonen

For nærmare opplysningar, med mellom anna kartskisser – sjå St.prp.nr. 50. (2001-2002) ”Om løvingsendringar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område”.