Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Stein Batalden utnemnd til underdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Seniorrådgivar Stein Batalden er i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Luftfartseksjonen, i Transportavdelinga. (13.12.02)

Pressemelding

Nr.: 155/02
Dato: 13.12.02

Samferdselsdepartementet: Stein Batalden utnemnd til underdirektør

Seniorrådgivar Stein Batalden er i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Luftfartsseksjonen, i Transportavdelinga. Han er 37 år og er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskole frå 1990.

Batalden arbeidde i perioden 1991 - 1997 som førstekonsulent og rådgivar i Samferdselsdepartementet. Frå 1997 til 2000 arbeidde han som rådgivar i Transportbrukernes Fellesorganisasjon. Batalden har sidan 2000 vore tilsett som rådgivar og seniorrådgivar i Luftfartsseksjonen i Samferdselsdepartementet.

Luftfartsseksjonen har ansvaret for departementet sine oppgåver innanfor sivil luftfart. Dette gjeld blant anna etatsstyring av undeliggjande etatar og verksemder, plan- og budsjettarbeid, regelverksutvikling og internasjonale forhandlingar.