Historisk arkiv

El-biler i kollektivfeltene i Oslo og Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Politisk rådgiver Alfred Bjørlo
Innlegg ved opning av elbil i kollektivfelt,
Oslo 1. juli 2003


El-biler i kollektivfeltene i Oslo og Akershus

Å bu i by er å bo tett. Slik må det vere. Men å bu i by treng ikkje nødvendigvis å gå på helsa laus! Det gode bylivet er miljøvennlig – også når du skal flytte deg frå A til B.

Det er ein vanskelig jobb å lage gode transportsystem i storbyane. Men eitt prinsipp må for framtida bli rettesnora for all transportplanlegging: Det skal lønne seg å velje miljøvennlig - både i pengar, tid og komfort. Vi må skape eit bysamfunn der det å leve miljøvennlig blir ein selvfølge - fordi det svarar seg for den enkelte av oss.

Det er kort fortalt grunnen til at samferdselsministeren og Samferdselsdepartementet ønskar å prøve ut det å la el-bilar sleppe å stange i køen saman med dei som slepp ut eksos og klimagassar.

Ingen av oss trur vel at dette forsøket åleine vil få bukt med miljøproblema i storbyane. Minst like viktig som kven som køyrer i kollektivfelta, er det sjølvsagt at det blir fleire av dei, og at kollektivtrafikken overalt i byen får prioritet framfor privatbilen. Difor satsar Regjeringa i år meir pengar enn nokon gong på å bygge nye kollektivtrasear i Oslo og andre storbyar, og på ny teknologi som gir buss og trikk «grønt lys» øyeblikkelig når dei kjem til eit kryss. Og difor har vi sett som ein klar føresetnad for at dette forsøket skal bli vidareført og utvida, at det ikkje går ut over framkommeligheten til kollektivtrafikken.

Men likevel er dette forsøket spennande og viktig for oss som har kome frå miljøpartiet Venstre inn i styringa av norsk samferdslepolitikk. Vi har ein visjon om at Norge skal bli eit føregangsland i å ta i bruk og teste ut ny teknologi, som kan få bukt med dei utsleppa dagens privatbilisme gir. Biltrafikk og andre typar transport står for eksempel for ein stor del av dei norske klimagassutsleppa - og vil gjere det så lenge drivstoffet er laga av fossil olje og gass. Skal vi i Norge klare å ta vår del av det felles internasjonale ansvaret for å løyse klimaproblema, må vi tenke nytt og gå heilt nye vegar.

Så vil sikkert nokon meine at det er dobbeltmoralsk av eit land som er storeksportør av olje og gass. Eg vil seie tvert imot. Nettopp fordi Norge er ein stor energinasjon, kan vi gå føre. Nettopp difor har vi eit ekstra sterkt ansvar for å utvikle reine energiløysingar, og vise vegen til eit framtidig utslippsfritt og fornybart samfunn.

Tida vil vise om elbilen er eit viktig steg på den vegen, eller berre eit nisjeprodukt i nokre år før nye, endå betre teknologiar tar over. Uansett: Det er viktig at elbilen blir prøvd ut, og at folk opplever at politikarar og styresmakter belønner dei som lar miljøet komme først.

Ein ting er sikkert: Skal vi om ti eller femten år ha eit transportsystem her i Oslo som ikkje går «på helsa laus» - er det no vi må gjere jobben. Det er no vi må bygge byen slik at folk kan gå, sykle eller ta trikken. Det er no vi må velje å bygge fleire kollektivtrasear og jernbaneskinner, ikkje breiare vegar for enno fleire matpakkebilistar. Og det er no vi må

teste ut framtidas utsleppsfrie køyretøy - og gjere dei så gode og så attraktive at langt fleire får lyst til å bruke dei.

Så til alle noverande og framtidige elbil-brukarar - lukke til med dagen, og bruk dette prøveåret godt!