Historisk arkiv

Framleis einskapsporto!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i fleire aviser august 2004

Innlegg teke inn i fleire aviser august 2004

Framleis einskapsporto!

av samferdselsminister Torild Skogsholm

Gode posttenester har mykje å seie for folk i heile landet. Debatten og reaksjonane etter at Posten nyleg varsla at dei ynskjer å fjerne ordninga med einskapsporto, altså lik porto same kvar eit brev vert sendt til eller frå i Noreg, er eit klart uttrykk for det.

Det er regjering og Storting som avgjer om ordninga med einskapsporto skal halde fram, ikkje Posten. Samferdselsdepartementet sendte i vår på høyring eit forslag om å oppheve eineretten Posten har til å drive med visse typar posttenester. I denne høyringa føreslo eg å behalde einskapsportoen også når eineretten fell bort. Dette er framleis haldninga mi. Innspelet til Posten i høyringsrunda om å avskaffe einskapsportoen, vil ikkje få min tilslutnad.

Eg meiner einskapsporto på vanlege brev for folk flest er ein sjølvsagt del av eit godt og likeverdig tenestetilbod over heile landet. Det er fullt mogeleg å oppheve monopolet til Posten utan å endre kravet om einskapsporto – til dømes har Sverige hatt ei slik ordning i over ti år allereie. Eg ser heller ingen grunn til å endre andre krav som sikrar den standarden vi har på posttenester i dag – slik som kravet om postlevering seks dagar i veka.

For fem år sidan var det om lag 1500 husstandar i Noreg som ikkje fekk posten sin utlevert seks dagar i veka. No er dette talet nede i 1000 landet sett under eitt – det er altså redusert med ein tredel på fem år. Dermed får 99,94 prosent av alle norske husstandar posten sin utlevert seks dagar i veka. I same tidsrom har talet på ekspedisjonsstader auka frå 1300 til 1500, fleire av dei med vesentleg lenger opningstider enn tidlegare.

Det er ikkje noko nytt eller dramatisk i at Posten får konkurranse på sine tenester. Allereie i dag er det opna for at andre enn Posten kan sleppe til på dei fleste tenester, slik som levering av pakkar og brev over 100 gram. At det er slik, har faktisk mykje å seie for arbeidsplassane i mange transportverksemder i distrikta – sjølv om Senterpartiet i kjent stil no får dette til å høyrast ut som ei landeplage.

Det som er viktig, er difor ikkje å hindre andre enn Posten i å sleppe til, men å syte for gode og likeverdige krav til posttenester over heile landet. Difor er haldninga mi heilt klar: Ja til postlevering seks dagar i veka, og ja til einskapsporto!