Samferdselsdepartementet: Jon Fredrik Birkheim Arnesen - utnemnd til underdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.12.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Jon Fredrik Birkheim Arnesen er i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Baneseksjonen, i Veg- og baneavdelinga. (05.12.03)
Pressemelding
Nr.: 138/03
Dato: 05.12.03
Samferdselsdepartementet: Jon Fredrik Birkheim Arnesen – utnemnd til underdirektør
Jon Fredrik Birkheim Arnesen, Oslo, er i statsråd i dag utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Baneseksjonen, i Veg- og baneavdelinga.
Han er 33 år, utdanna siviløkonom frå 1994, og arbeider no som seniorrådgivar i Baneseksjonen, med ansvar for programmet ”Konkurranse om sporet”. Han skal i den nye stillinga som underdirektør framleis ha ansvar for dette programmet, med fleire underliggjande prosjekt.
Jon Fredrik Birkheim Arnesen har tidlegare arbeidd som revisjonsmedarbeidar i Arthur Andersen ANS og var så konsulent og sjefskonsulent i Accenture AS, avdeling for offentleg sektor, inntil han i 2003 blei tilsett som seniorrådgivar i Samferdselsdepartementet.